Minnesmerket for Arve Beheim Karlsen vert avduka

Søndag 28. april 2024 klokka 16:30 finn ei viktig hending stad på Granden ved Sogndalselvi i Sogndal.

For 25 år sidan, om morgonen måndag 26. april 1999, vart Arve funnen død ved munningen av Sogndalselvi. Siste gong Arve vart observert i live var fredagskvelden i førevegen lenger oppe ved elvebreidda. Då prøvde han å flykta frå to jamaldringar som jaga etter han og ropte rasistisk motiverte drapstrugsmål. Før den fatale kvelden hadde indiskfødde Arve over tid vore utsett for mobbing, vald og rasisme.

Sogndal kommune har lagt til rette for ein verdig seremoni med eit fint program som mellom anna omfattar både kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og familien til Arve ved mora Kari Beheim Karlsen.

Sogndal kommune har invitert innbyggjarar, organisasjonar og verksemder til å ta del på markeringa. Det er ein invitasjon Høgskulen på Vestlandet svært gjerne takkar ja til. Me treng eit minnesmerke i nærleiken av der Arve Beheim Karlsen vart jaga, i nærleiken av der han vart funnen død.

Uretten som vart gjort mot Arve Beheim Karlsen, kan ikkje rettast opp. Men me har ansvar for å gjera dei bitraste, såraste lærdommar over i gode handlingar. Me har ansvar for å minna kvarandre på at det skjedde faktisk her. Me har ansvar for å gjera vårt for at det ikkje skal skje igjen, ikkje i Sogndal, ikkje på Vestlandet, ikkje nokon stad.

Mathias Havnen Tønnessen i Studenttinget på Vestlandet seier det slik:

- Sogndal er Studentbygda med stor «S». Her skal ingen vera utrygge på grunn av hudfarge eller ved å skilja seg ut.

Saman med Mathias har eg invitert tilsette og studentar ved HVL til ei samling på Studenthuset Meieriet (Labben) ein time før avdukinga. Her vil me diskutera ugjerninga som fann stad for 25 år sidan og me ser nærare på korleis me handterer rasisme og diskriminering i dag.

Etter stunda på Labben går me til avdukinga på Granden.

Her er programmet Sogndal kommune har lagt opp til ved avdukinga:

  • Musikkinnslag: Kari Malmanger (song) og Inge Ronny Kvåle (gitar)
  • Diktlesing: Forfattar Brynjulf Jung Tjønn.
  • Velkommen: Ordførar Stig Ove Ølmheim
  • Tale: Kultur - og likestillingsminister Lubna Jaffery
  • Diktlesing: Forfattar Brynjulf Jung Tjønn.

Appellar:

  • Familien til Arve, ved mor Kari Beheim Karlsen
  • Leiar i ungdomsrådet, Emma Steinsland Hamre
  • Russepresident ved Sogndal VGS, Martin Sva Wergeland
  • Lokalpolitikar Laila Wigum, på vegner av Sogndal kommunestyre
  • Avsluttande ord: Ordførar Stig Ove Ølmheim