Høgskulelektor

Marte Aadland Simonsen

Arbeids- og kompetanseområde

Eg arbeider som høgskulelektor i kunst og handverk på campus Stord, og underviser hovudsakeleg på barnehagelærarutdanninga (BLU). Eg har utdanning som faglærar i praktiske og estetiske fag, og tilleggsutdanning som barnehagepedagog med vekt på kunstpedagogisk arbeid med dei yngste i barnehagen. Eg har master i kreative fag og læreprosessar (MaCrel) der eg forska på korleis ein kan leggje til rette for gode leikemiljø i barnehagen. Eg brenn for leiken, det mellommenneskelege og danning av heile mennesket, og arbeider derfor mykje tverrfagleg innan dei kunstnariske faga.

Publikasjonar

  • Småspill "Unni&Gunni"

    Aksnes, Kirsti, Simonsen, Marte Aadland, Hansen, Hannah Belsvik (2023)
  • San Vita Amalon

    Lilletvedt, Anne-Beate Ulveseth, From Delis, Magdalena, Simonsen, Marte Aadland (2023)
  • AMiE Performance, Internasjonal konferanse i Antwerpen, Belgia

    Olsen, Jonas Selås, Hammersland, Frode, Simonsen, Marte Aadland, Lilletvedt, Anne-Beate Ulveseth (2023)
  • AMiE Performance

    Hammersland, Frode, Olsen, Jonas Selås, Lilletvedt, Anne-Beate Ulveseth, Simonsen, Marte Aadland (2022)
  • Arts and mindfulness in Education. Performance experience

    Olsen, Jonas Selås, Simonsen, Marte Aadland, Hammersland, Frode, Lilletvedt, Anne-Beate Ulveseth (2022)
Vis alle