Praktiske og estetiske fag og fagdidaktikk

Forskarsgruppa «Praktiske og estetiske fag og fagdidaktikk» (PEFF) fokuserer på samspelet mellom pedagogikk, fagdidaktikk og det kunstnarlege og kulturelle området i utdanningsprogram og i ulike former for opplæring.

Forskargruppeleiar


Siktemål for gruppa

  • utvikla ny forskings-og utviklingsbasert kunnskap og erfaring knytt til praktiske og estetiske, kreative og kroppsbaserte læringsprosessar i barnehage, skule, lærarutdanning og i andre opplæringsarenaer.
  • utvikla og initiera innovasjons- og kompetanseutviklingsprosjekt innanfor offentleg sektor knytt til forskargruppa sine temaområde
  • utvikla ulike former for prosjekt knytt til kunst, estetikk, kultur og kreativitet i ulike former for opplæring og danningsarbeid i samspel med lokale, regionale, nasjonale og internasjonale aktørar
  • leggja til rette for formidling, publisering og søknadsutvikling knytt til aktiviteter i forskingsgruppa
  • utvikla video- og FoU-baserte kunnskapspakkar og læringsressursar for aktuelle brukarar

Forskingsgruppa har for tida fire ph.d-stipendiatar knytt til eksternt finansierte prosjekt som er utvikla i samarbeid mellom PEFF, Institutt for Kunstfag,  forskargruppene KUL, KVANTE og CASE-senteret..  

Forskingsprosjekt

Vår prosjektportefølje inneheld fleire pågåande og arkiverte prosjekt med ekstern finansiering prosjekt frå Norges forskingsråd, Erasmus+, Horizon 2020 og fleire.   

Forskargruppa sine forskingsaktivitetar skjer i CASE-senteretHer finn du også meir informasjon om forskarar, prosjektutvikling, prosess og resultat.  

Sjå CASE-senteretProjects og Archived Projects.  

Utviklinga i prosjekta våre kan du følgja på CASE-senteret sine Spotlight-sider.

Forskingsprogram

Forskergruppen er tilknyttet programmet Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar.