Om Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) såg dagens lys 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

Vi er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 16 000 studentar fordelt på våre fem campusar i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Hos oss kan du ta alt frå årsstudium til å fullføre bachelor-, master- eller doktorgrad. Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. Kvart år uteksaminerer vi 2700 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver innanfor desse fagområda.

Våre mål

Høgskulen på Vestlandet har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil, og vi vil vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane.

HVL har deling som drivkraft, ideal og metode. Kunnskap veks når den blir delt. Det vi gjer skal støtte opp om vekst for ei berekraftig utvikling av samfunns-, arbeids- og næringslivet og for den enkelte.

Leiing ved HVL

Styret er det høgste avgjerande organet ved Høgskulen på Vestlandet. Arvid Hallén er styreleiar. 

Berit Rokne er tilsett rektor ved Høgskulen på Vestlandet, og er dermed øvste faglege og administrative leiar. HVL har tre prorektorar, ein i kvar nærregion, som på vegne av rektor har ansvar for regional utvikling i nærregionen.

Meir om leiing og organisering

Den vidare fusjonsprosessen

Heile 2017 skal brukast til å utvikle og implementere den nye organisasjonen, før endeleg fagleg og administrativ organisering trer i kraft i 2018. Det blir ikkje endringar i studietilbodet på kort sikt.

Les meir om fusjonsprosessen på fusjonsinfo.no.