Kunnskap som byggjer menneske og samfunn

Strategi for HVL 2023 - 2030

Inkludere

Vi møter alle med respekt og omtanke. Ved å inkludere verdset vi mangfald og fremjar fagleg utvikling, tryggleik og trivsel.

Utfordre

Vi utfordrar etablerte tankesett og arbeidsmåtar. Ved å utfordre fremjar vi danning, kritisk tenking og handlekraft.

Samhandle

Vi utviklar og deler kunnskap og erfaring gjennom samspel internt og med omgjevnadene våre. Ved å samhandle fremjar vi kreativitet, læring, nyskaping og fagleg relevans.

Kunnskap som byggjer menneske og samfunn

Strategi 2023 - 2030. Samfunnet treng forskingsbasert kunnskap og kompetanse for å forstå og løyse samfunnsutfordringar. Vi har særleg merksemd på berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon. Tilgjengelegheit, høg kvalitet og internasjonalt samarbeid i forsking og utdanning er sentralt for å løyse samfunnsutfordringane.

Vårt samfunnsoppdrag

Oppdraget vårt er å tilby høgare utdanning, utføre forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid, formidle kunnskap og bidra til ei samfunnsutvikling som er miljømessig, sosialt og økonomisk berekraftig.

Samfunnet treng forskingsbasert kunnskap og kompetanse for å forstå og løyse samfunnsutfordringar.

Vi har særleg merksemd på berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon.

Tilgjengelegheit, høg kvalitet og internasjonalt samarbeid i forsking og utdanning er sentralt for å løyse samfunnsutfordringane.

Vi er eit universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. Gjennom forsking, utdanning av høgt kompetente kandidatar og den tette koplinga vår til samfunns- og arbeidslivet bidreg vi til at kunnskap blir delt og teken i bruk. Vi speler ei aktiv rolle og tek eit ansvar for å påverke samfunnsutviklinga innan utdannings- og forskingsområda våre.

Studentar
17000
Årsverk
1974
Bachelorprogram
49
Masterprogram
32
Ph.d.-program
5

Strategiske ambisjonar og overordna mål

Fram til 2030 har vi tre strategiske ambisjonar og seks overordna mål.

  • Utdanning og forsking for samfunns- og arbeidslivet

    Vi skal halde fram med å styrkje kvaliteten i utdanning og forsking for å fremje eit velfungerande samfunns- og arbeidsliv og for utviklinga av det norske velferdssamfunnet. Utdanninga og forskinga vår er integrert og tett på arbeidslivet. Dette er berebjelken for å byggje menneske og samfunn, og for å bidra til å løyse samfunnsutfordringar.
    Les meir om måla for utdanning og forsking
  • Ei sterk innovasjonskraft

    Høg kompetanse og mangfald blant tilsette og studentar, eit stort geografisk nedslagsfelt og tette relasjonar til samfunns- og arbeidslivet gjer oss til ein sentral innovasjonsaktør. Innovasjonsarbeidet vårt bidreg til sosial, miljømessig og økonomisk berekraft.
    Les meir om måla for innovasjonsarbeidet vårt
  • Ein ambisiøs samfunnsaktør

    Som eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet fremjar vi vitskaplege tenkjemåtar, akademisk fridom og kunnskapsbaserte avgjerder. Vi er det inkluderande, utfordrande og samhandlande fleircampusuniversitetet på Vestlandet. Vi er den føretrekte kunnskapspartnaren i regionen, og vi har stort truverd og eit godt omdømme.
    Les meir om måla for vårt samfunnsbidrag

Last ned strategien her i pdf-format

Strategi 2023-2030 i pdf-versjon (norsk)

Her vil også komme en pdf-versjon på engelsk.