Universitetet på Vestlandet

Vestlandsregionen treng eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet. Vi står i ein unik posisjon som fleircampusinstitusjon til å bidra til utviklinga av eit berekraftig samfunns- og arbeidsliv på Vestlandet.

I juni 2024 sendte Høgskulen på Vestlandet søknad til NOKUT om å bli akkreditert som universitet. September 2025 blei oppdatert søknad sendt. Søknaden er no til behandling hos NOKUT. 

Universitetet på Vestlandet skal vere eit engasjert og inkluderande universitet som legg vekt på det praksisnære og på anvendt forsking. 

Tre av fire av våre studentar kjem frå Vestlandet, og like mange blir igjen etter fullførte studium. Å bli universitet vil gjere oss enda meir attraktiv som studiestad, arbeidsplass og samarbeidspartnar. 

Noreg og Vestlandet må vere gode på omstilling, nyskaping og berekraftig utvikling. Vi tilbyr utdanning, forsking og formidling av kunnskap av høg kvalitet, som bidra til å møte kompetansebehova i samfunnet og til ei berekraftig samfunnsutvikling.

Vår overgang til universitet vil styrkje Vestlandet som region. Gjennom våre fem studiestadar bidrar vi til nyskaping og utvikling i heile regionen. Slik kan vi forsterke Vestlandet sin posisjon som den mest innovative og kunnskapsintensive delen av Noreg. Vår forsking og kunnskap kan enkelt delast mellom studiestadane Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.

For å nå dette målet har vi dei siste åra bygd sterke fagmiljø med samansett kompetanseprofil. Vi har skapt god samanheng mellom utdanning, forsking og arbeidsliv, vi samarbeider meir internasjonalt og vi har jobba med å styrke alle dei fem studiestadane.

Sentrale datoar

  • September 2025 - april 2026: Søknaden vert behandla av NOKUTs sakkyndig komite.
  • 16.- 17. april 2026: Institusjonsbesøk frå NOKUT.
  • Tidleg haust 2026: HVL mottek rapporten med dei sakkunnige sine tilrådingar for faktasjekk og kommentar.
  • Før nyttår 2026: Vedtak i NOKUT-styret.
  • Til slutt: Vedtak av Kongen i Statsråd.