Historisk doktorpromosjon ved HVL

Vegen mot universitet begynner å ta form. Fredag var det duka for den aller første doktorpromosjonen ved Høgskulen på Vestlandet.

HVL har over lengre tid jobba med å bygge opp eigne doktorgradsprogram som eit ledd i arbeidet med å bli universitet. Fredagens markering vare eit synleg vitnesbyrd på at arbeidet begynner å gi resultat: Til saman 25 doktorar frå fire ulike doktorgradsprogram fekk utdelt diplomane sine under den høgtidlege seremonien på campus Bergen.

Ung institusjon med lange tradisjonar

– Dagen i dag er historisk i vår høgskule. Høgskulen på Vestlandet er ung. Vi har vore i full verksemd i dryge fem år. Vi har skipa og sett fem heilt nye doktorgradsprogram i full drift, fire av desse på eigen kjøl, eitt i samarbeid med andre universitet. Eg kjenner på takksemd, sa rektor Gunnar Yttri i sin tale.

At HVL er ein ung institusjon med lange tradisjonar vart også vektlagt av gjestetalar og direktør ved Norges Forskningsråd Mari Sundli Tveit:

- De har utvikla ein arbeidslivsretta profil som mellom anna inneber at phd-studentane forskar saman med arbeidslivet. Ved å knytte ph.d.-utdanningane tett opp mot konkrete problemstillingar i det offentlege og i næringslivet, tek de arven frå 1800-talets yrkesskular inn i framtida. 

- De skal vere stolte av den rike tradisjonen og historia til Høgskulen på Vestlandet. De skal óg vere stolte av at høgskulen i dag er ein moderne akademisk institusjon for heile landet, sa Tveit. 

I 2019 var Gro Saltnes Urdal den den første som disputerte ved HVL sine eigne doktorgradsprogram. Urdal fekk difor ære av å halde doktorane sin tale. 

- På spørsmålet om kvifor ein valde å ta doktorgrad ved HVL, var det fleire av oss doktorar som nemnde dei sterke fagmiljøa. Dette gav oss moglegheiter til å knytte kontaktar nasjonalt og internasjonalt. At HVL har eit aktivt stipendiatmiljø både fagleg og sosialt blei også trukke fram, sa Urdal.Gunnar Yttri.jpgRektor Gunnar Yttri gratulerte dei nye doktorane frå HVL. Foto: Mauricio Pavez.inngang.jpgDoktorgradspromosjonen kombinerte det moderne med det tradisjonelle i flotte rammer i storstova Mimes brønn ved campus Bergen. Foto: Maurico Pavez.

Desse 25 nye doktorane er utdanna ved HVL

Studiar av danning og didaktiske praksisar:
Dziuginta Baraldsnes 
Åshild Berg-Brekkhus 
Johanna Birkeland 
Hege Fimreite 
Sanna Erika Forsström 
Grethe Nina Hestholm 
Brita Høyland  
Ahmed Akef Khateeb 
Dorota Lembrér 
Hilde Birgitte Hjertager Lund  
Oksana Singh 
Bente Helen Skjelbred  
Lisa Steffensen 
Gro H. Saltnes Urdal 

Datateknologi:
Samaneh Abolpour Mofrad
Amin Aminifar  
Angela Barriga Rodriguez 
Ali Khademi 
Suresh Kumar Mukhiya 
Alejandro Rodriguez Tena 
Patrick Stünkel 
Rui Wang 

Helse, funksjon og deltaking:
Kristine Berg Titlestad 

Ansvarleg innovasjon og regional utvikling:
Nora Geirsdotter Bækkelund 
Ridvan Cinar