- For å bli eit godt universitet, må vi ta vare på det vi allereie er

Å sette pris på ulike typar kunnskap og alt det fine som kan skje når vi blandar dei saman, er nøkkelen til å lykkast, meiner Jens Kristian Fosse.

Han tok til som dekan på Fakultet for ingeniør- og naturvitskap i haust. Før det var han også i stillinga som fungerande dekan i eit års tid, etter at forgjengaren hans bytte jobb. Etterpå var det veldig mange som gjerne ville halde fast i han som leiar. Fosse var jo mellom anna den du kunne sende inn i eit hissig møte og stole på at det kom noko godt ut av det, ifølgje ein av hans nære kollegaer. Sjølv i situasjonar der konflikten er høg, vil pulsen hans vere låg og stemmeleiet vennleg, dempa.

- Det finst ein sosial dimensjon i all type utvikling. Teknologisk utvikling også – det går ikkje an å introdusere ny teknologi, utan at du har teke omsyn til staden der det skal skje og folka som skal bruke han, seier Fosse.

- Det mest berømte eksempelet på akkurat det kjem frå ein studie av Tavistock-instituttet i England, om då dei forsøkte å introdusere ny teknologi i utvinninga av kol i gruvene nordaust i landet. Då teknologien braut opp dei sosiale strukturane i korleis arbeidarane hadde jobba saman før, blei nyvinninga mislykka og det førte til slåsting og mistru.

Så det er ikkje maskina som tel - det er mennesket. Dette er hans måte å forstå mykje av verda på. Dei usynlege banda mellom folk er det som bygger samfunnet – difor må du dyrke dei banda, før alt anna. Elles kjem du ingen veg.

Oppå ein lang dag

Vi har avtale om å møtest etter ei toppleiarsamling i Sogndal som har vart i timevis og også gått over tida, slik lange møte kan finne på å gjere – og han unnskylder seg, er lei seg for det tapte kvarteret og bryet dette kan ha skapt. Straks vi finn ein plass å sitte i administrasjonsetasjen i Høgskulebygget, er han djupt konsentrert og til stades, heilt på kanten av sofaen, lent fram og langt inne i forteljinga, på ein slik måte at omverda elles forsvinn.

Samspel, regional utvikling, innovasjonssystem, stadperspektiv, klyngar, nettverk. Dette er typiske ord i den verda Fosse vankar i, og dei kan kjennast noko svevande, uhandgripelege. Det dreier seg mykje om slikt som skjer mellom menneske, og mellom bedrifter, akademia, offentlege instansar og samfunnet generelt – igjen, desse usynlege banda. Og nettopp dette «mellom» kan vere vanskeleg å sette ord på.

Det går ikkje an å introdusere ny teknologi, utan at du har teke omsyn til staden der det skal skje og folka som skal bruke han

Jens Kristian Fosse

- Teknologane er dei som utviklar dingsar og duppedittar, slik som denne, seier han og løfter opp mobiltelefonen sin.

- Men bakanfor det igjen, ligg massevis av samarbeid og innovasjonssystem som gjer det mogleg å skape noko nytt. Det er dei tinga eg kan noko om.

Måtar å måle verdi på

Det er fort gjort å tru at nokon som leiar eit hovudsakleg teknologisk fakultet må vere ingeniør, men det er Fosse ikkje. Han er samfunnsvitar: geograf med planleggingsfag som spesiale. Han tok hovudfag i geografi på NTNU og engasjerte seg i byplanlegging i Trondheim, særleg områda som låg tomme etter skipsbygginga var ein saga blott. Då jobba han med slikt som gjerne kallast ein næringshage eller inkubator, bygd opp ut ifrå tanken om at når fleire nystarta selskap blir plasserte saman, så skjer det meir vekst enn om dei hadde vore aleine.

Eg har ikkje så veldig sterkt konkurranseinstinkt!

Jens Kristian Fosse

Som nyutdanna starta han og fleire andre samfunnsvitarar eit selskap – Humankapital AS, heitte det. Der skulle dei drive med rekneskap på heilt nye måtar. Mens verdien i selskap vanlegvis blir kalkulert ut ifrå utstyret, maskinene, verktøyet og anna fysisk inventar, utvikla dei ein metode for å måle den intellektuelle kapitalen: verdien av kompetansen til dei tilsette i selskapet. Dessutan ville dei også rekne ut strukturkapitalen (organiseringa, rutinane, arbeidsplassane) og relasjonskapitalen (nettverket bedriftene hadde ut mot kundar, leverandørar, omgjevnader).

Korleis sette pris på folka, og alt det dei kan og gjer? var med andre ord det grunnleggande spørsmålet deira. Det fann dei eit svar på.

Augneblinken i skogen

Diverre var det ikkje så mange som ville betale for det svaret. Så då kom det nystarta selskapet inn i den fasen som på næringslivsspråket kallast «dødens dal» - det er når du har brukt opp alt av etableringsstipend og innovasjonsstøtte og skal til å selje produktet, men det går treigt, eller ikkje i det heile.

Ut ifrå korleis Fosse pratar om det, verkar det slett ikkje som at den såkalla «dødens dal» var nokon dyster plass å vere - berre interessant og forunderleg. Slik er livet, og slik er næringslivet. Han hadde forstått noko om det å drive bedrift, og det var lærerikt og fint å kjenne på, fortel han.

- Eg har ikkje så veldig sterkt konkurranseinstinkt! seier Fosse om seg sjølv.

Ein gong på slutten av tenåra fann han seg djupt inne i ein skog i Trøndelag, midt i eit skiskyttar-stemne. Inntil då hadde skiskyting vore ein stor del av oppveksten hans på Os, og han hadde vore både rask og skarpt-skytande, men det hadde dabba litt av då han valde vekk skigymnas til fordel for vanleg studiespesialiserande. I eit par år hadde han likevel halde treninga i gang med mykje rulleskigåing, i mangel på snø.

Brått kom ein liten kar pilande forbi i ein vanvitig fart og forsvann inn i skogen framfor han. Ut ifrå startnummeret på ryggen hans, forstod Fosse at han måtte ha tatt han igjen i løypa med opptil fleire minutt.

- Der og då skjønte eg at dette nok var tida for å droppe skiskyttardraumen, og at han karen som for forbi meg var den som skulle vidare til VM ein dag! ler Fosse.

Sidan lærte han namnet til mannen: Ole-Einar Bjørndalen.

Måtar å vere klok på

Fosse fann verkeleg seg sjølv i innovasjonsfaget då han begynte på Agderforsking og etter kvart tok doktorgraden. Den handla om Vennesla, der papirindustrien var i ferd med å bli lagt ned og krisestemninga rådde. Gjennom fire år med aksjonsforsking handla det om korleis utvide handlingsrommet, få folk til å ta eit steg tilbake og reflektere over situasjonen, og slik oppdage nye måtar å jobbe og leve på.

- I slike prosessar er medverknad det aller viktigaste, dei gode prosessane vi kjenner frå norsk arbeidsliv. Samt å anerkjenne den lokale, erfaringsbaserte kunnskapen og ikkje skape hierarki – til dømes ved å sjå det teoretiske som meir nobelt enn det erfaringsbaserte, seier Fosse.

- Samstundes måtte vi jobbe med tankemåtar, slikt som haldningar til utdanning. På ein tungindustristad blir utdanning gjerne sett på som noko unødvendig, sidan du er vane med å få jobb uansett. Her måtte vi løfte blikket og saman utforske korleis ressursane i samfunnet kunne brukast på nye måtar.

Vi kan utvikle oss og løfte oss i alt vi gjer, men samstundes må vi halde fast i kontinuiteten – bygge på det beste vi har

Jens Kristian Fosse

Det finst mange måtar å vere klok på utanom den akademiske, og det er ei hjartesak for dekanen – særleg med tanke på universitetsambisjonen. Han snakkar varmt om dei historiske røtene til fakultetet sitt, som finst i Bergen tekniske skule, grunnlagt i 1875. Den gongen snakka ein ikkje om «arbeidslivsrelevans», det nye gullordet i høgare utdanning, men var uansett konstant kjemperelevant. Studentar blei involverte i industrialiseringa som gjekk føre seg nett då, mellom anna store infrastrukturutbyggingar som Vossebanen.

- Vi kan utvikle oss og løfte oss i alt vi gjer, men samstundes må vi halde fast i kontinuiteten – bygge på det beste vi har, meiner Fosse.

Han er stolt av korleis fakultetet har utvikla seg vidare og no har ein utruleg spennande kunnskapsmiks – i tillegg til ingeniørdelen, finst også fokuset på miljø og natur og innovasjonsmiljøet. I kombinasjon har dei faga ei enorm slagkraft innan livsviktige, aktuelle tema som berekraftig utvikling.

Snakke om det lette og det vanskelege

Fosse har vore i ulike leiarposisjonar omtrent kontinuerleg sidan han starta i høgskulen i 2008 – først i Mohnsenteret, sidan ved fakultet. Han har vore med på å bygge nye utdanningar, jobbe med forskingsprosjekt og bygge nettverk mellom høgskulen og næringslivet. Når han snakkar om det å vere leiar, handlar det mykje om å skape tryggleik:

- Vi må passe på at folk føler seg trygge, elles blir det vanskeleg for dei å bidra med noko. Relasjonar, tillit og god kommunikasjon – ei kjensle av å vere eit lag – er det aller viktigaste, seier han.

- Ingen må kjenne seg aleine. Vi må kunne snakke fritt om både det lette og det vanskelege.

Samstundes kan han også finne på å dytte litt i dei andre leiarane, prøve å få ting og saker til å skje fortare. Ein ting som gjer han utolmodig, er at det ikkje finst nokon måte å måle den praktiske klokskapen på – rektors uttrykk for den typen kunnskap som karakteriserer HVL. Har du doktorgrad eller publiserer vitskapleg, får du poeng for det, men den erfaringsbaserte kunnskapen som ein med industribakgrunn eller annan praktisk bakgrunn har, gir ingen poeng. Dette kjennest feil for han.

Det som er verdt noko

Dessutan meiner Fosse at vi bør ha langt større tru på oss sjølve som institusjon. Forskinga ved HVL leier kanskje til færre publiseringspoeng enn dei gamle universiteta, men til langt fleire konkrete resultat ute i samfunnet, i form av mange ulike typar innovasjon. Sjølv om dette ikkje blir målt på noko vis, er det verdt utruleg mykje, påpeiker han:

- Vi må melde oss tydelegare inn i samarbeid som går utover oss sjølve, for vi kan fint vere likeverdige partnarar med UiB, Handelshøgskulen og NORCE – ikkje underleverandørar. Vi er på ein annan stad enn vi var før.

Vi må passe på at folk føler seg trygge, elles blir det vanskeleg for dei å bidra med noko

Jens Kristian Fosse

Med eitt blir Fosse likevel distrahert frå samtalen. Det har komme ei tekstmelding heimanfrå med bilde av dei to yngste i heimen, ein gut på 14 år og ei jente på 7 år, i ferd med å bake peparkaker. Han har også ein son på 17 år. Utanom HVL, er det familielivet som har hatt forrang i årevis, sidan han har «strekk i laget», slik han uttrykker det. Både han, kona og barna er brennande opptekne av fjellturar, DNT-hytter, ski, idrett, fotball, handball og speidarliv, fortel han - ei liste som høyrest heftig ut. Han har også vore leiar på fritida, viser det seg: speidarleiar.

- Eg må visst heim! seier Fosse.

I haust har hvl.no presentert nye leiarar i ei rekkje portrett. Les også om:

Torbjørn S. Heyerdahl: Frå næringslivet til HVL - med eit hjarte som bankar for akademia

Anne-Grethe Naustdal: - Om vi skal bygge opp eit nytt universitet, må vi bygge opp kvar og ein av oss

Geir Kåre Resaland: - Vi må forstå kvardagen til folk om vi skal få til endring