- Vi må forstå kvardagen til folk om vi skal få til endring

Som ny prorektor for regional utvikling er samhandling med omverda sentralt for det Geir Kåre Resaland skal jobbe med. Då er gode lyttarevner og respekt det aller viktigaste verktøyet, meiner han.

- Reis ut til dei. Lytt til dei. Forstå kvardagen deira, seier Resaland.

Dette er oppskrifta hans på korleis bygge gode relasjonar til omverda. Sidan 1. august har han vore i stillinga som prorektor for regional utvikling, ei stilling som erstattar den tidlegare prorektoren for samhandling. Då blir nettopp det med nettverksbygging hans aller viktigaste oppgåve. Og dette brenn den nye prorektoren for:

- Om HVL ønsker å ta ei spydspiss-rolle som eit moderne profesjons- og arbeidsretta universitet, krev det ein betydeleg systematikk i måten HVL bygger opp nettverksaktiviteten mot arbeidslivet på, seier han.

Kven vi skal bli

Lagspel. Dialog. Samskaping. Samhandlingsstrukturar. Møtearenaer. Dette er ord som Resaland bruker mykje, og som han vil skal vere heilt sentrale for identiteten til det profesjons- og arbeidsretta universitetet som HVL skal bli. Han har skrive ein kronikk om det praksisnære universitetet i tidsskriftet Forskerforum, og om korleis han vil at denne måten å vere på i lag med andre skal bli sjølve særpreget vårt: «Vi i HVL må samhandle med arbeidslivet, utvikle samarbeidsrelasjonar på alle plan og grunnfeste ei haldning som kjem til syne i åtferda til heile organisasjonen – som gjennomsyrar måten organisasjonen står fram på frå topp til botn.»

Det går ikkje an å hevde at ei utdanning har ein arbeidsretta profil før HVL reelt blir oppfatta som ein relevant samarbeidspartnar, meiner han. Og bygginga av nettverka med arbeidslivet, må bli ein del av sjølve spydspissaktiviteten:

- Eg er veldig lagspelar. Du blir sjeldan god aleine, og skal ein få til større ting, så gjer ein det best i lag med andre, seier Resaland.

- Høyrde du det Warholm sa då han vann gull og sette verdsrekord i OL nettopp? Han sa: «Det var ikkje eg som vann gull – det var eg i lag med trenaren min.» Slik må også vi bli gode i lag med andre rundt oss.

At Resaland stadig bruker vokabular og eksempel frå sportsverda, er inga tilfeldigheit. Det er idrett og fysisk aktivitet som har vore faget hans, lidenskapen hans, drivkrafta hans, gjennom eit heilt liv. Han har vore handballspelar (frykta på bana for si enorme høgde og kraft), trenar for både jente- og gutelag i handball og fotball i Sogndal gjennom 35 år, forskar på fysisk aktiv læring og elles generelt idrettsfrelst.

Samhandling: inga enkel sak

Resaland kjem frå stillinga som leiar for SEFAL, Senter for fysisk aktiv læring. Senteret har mål om å utvikle metodar for å integrere fysisk aktivitet i vanlege skulefag som matematikk og norsk, i nært samarbeid med lærarar og rektorar kringom i Norge. Dei samarbeider med 70-80 skular, og har også rådgivarar på senteret som sjølve er grunnskulelærarar. Tidlegare har Resaland leia forskingsprosjektet ASK (Active Smarter Kids) der han forska på nesten samtlege femteklassingar i heile Sogn og Fjordane og såg på kva som skjedde med læringa, helsa og trivselen deira når dei fekk ein time med fysisk aktivitet dagleg gjennom eit heilt skuleår.

Dermed har han omfattande erfaring med å jobbe med ei verd som ikkje alltid så gjerne vil bli endra på. Skuleverket er ikkje kjent for å vere spesielt fleksibelt, styrt som det er av timeplanar og rammeplanar:

- Det har vore ei uthaldenheitsprøve i samhandling! Frå dette har eg lært at viss du skal få til endring, må du bygge gode relasjonar først. Du må forstå posisjonen til dei du jobbar med, seier Resaland.

- Deretter er nøkkelen å få til gode forankringsprosessar som bygger eigarskap blant dei som faktisk skal leve kvar dag med endringane og omstillingane som skjer.

Artikkelen held fram under bildet. Foto: Katrine Selegk 2.jpg

Stadig plass til fleire på benken

Dei som har jobba tett på Resaland, framhevar ei evne hos han til å ikkje vere rigid og halde på sitt, men heller vere nysgjerrig og finne nye vegar både når ein skal utvikle nytt og ikkje minst når det buttar imot. Kanskje går han omvegane kring Statsforvaltar eller kommune, forankrar i strukturane, før han kjem tilbake til den individuelle rektoren. Om berre det finst ein mikroskopisk sti fram til målet, så er det den han tek. Og på eit eller anna vis greier han stadig å utvide nettverket sitt:

- Vi andre kan vere gode til å bygge nettverk, men kvar gong det kjem nye inn, vil nokon andre vanlegvis gå ut, seier Nikolaj Trautner, ny dagleg leiar ved SEFAL.

- Men hos Geir Kåre blir benken berre større. Det verkar å vere uendeleg med plass på den benken! Og han får folk rundt seg til å blomstre, til å føle at dei kvar især er den viktigaste i heile verda.

Men korleis samhandle på gode måtar når ordføraren frå Årdal skriv i Sogn Avis at no må HVL sjå til å vakne opp frå tornerosesøvnen og straks opprette ei vernepleiarutdanning i Årdal? Når reiselivssjefen i Ulvik skriv i lokalavisa si at HVL for lengst burde forstått dei skulle oppretta desentraliserte utdanningar i Hardanger, og at det faktisk ikkje er rakettforsking? Eller når fiskarane ved kysten klaskar tolv millionar kroner i bordet og meiner saka med det er ferdig snakka, men gløymer at det ikkje er nok med ein eingongssum viss du skal drifte eit lokalt desentralisert utdanningstilbod over tid?

Krava og forventningane til ein institusjon som HVL er mange, og langt ifrå alle kan innfriast.

- Men vi skal vere glade for at omverda på Vestlandet er inviterande og positive, og vil samarbeide med oss. Fleksible utdanningar med utgangspunkt i der folk bur er eit mål, samstundes må vi vidareutvikle fem levande og berekraftige campus – det er ein balansegang der, seier Resaland.

Mange å gjere det i lag med

 - Vi ønsker å gå i dialog med kommunar om korleis vi kan vere ein medspelar når det gjeld studiestadar og andre tiltak som vil kome. Verda er i rask endring, difor er utviklinga av fleksible utdanningar og livslang læring heilt sentralt for oss. Når det er sagt, så vil det viktigaste for oss alltid vere å styrke våre fem campusar, seier Resaland.

Trass i utfordringane, har han verkeleg mot på den nye jobben som prorektor for regional utvikling. Aller mest, fordi han veit han ikkje skal gjere det aleine:

- Eg er med i ei utruleg flott toppleiargruppe der alle ønsker å få til noko i lag og bygge det nye universitetet. Dessutan finst det fire prodekanar for regional utvikling og fleire andre dyktige medarbeidarar som skal jobbe med dialogen med omverden, så vi er mange som skal sette kraft bak denne satsinga i HVL.

1. september var ein merkedag for Resaland, for då var det offisiell oppstart av dei to nye avdelingane som ligg under han som prorektor: Avdeling for kommunikasjon og den heilt nye avdeling for samfunnskontakt, arbeidsliv og livslang læring.