Prorektor for regional utvikling

Geir Kåre Resaland

Arbeids- og kompetanseområde

Geir Kåre Resaland er tilsett som prorektor for regional utvikling i åremålsstilling i perioden 01.08.2021 – 31.07.2025. Stillinga er nyoppretta og er ein del av leiargruppa til rektor https://www.hvl.no/Vestibylen/organisasjonen/toppleiinga/. Prorektor for regional utvikling rapporterer til rektor.

Resaland arbeidar med å styrke HVL sin regionale rolle og gjere HVL til ein vesentleg og attraktiv samarbeidspartnar for heile Vestlandet.

Prorektor for regional utvikling har to avdelingar i si eining:

- Avdeling for kommunikasjon

- Avdeling for samfunnskontakt, arbeidsliv og livslang læring

Avdeling for kommunikasjon legg til rette for at HVL er ein synleg og attraktiv institusjon regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og arbeider for effektiv kommunikasjon internt og eksternt.

Avdeling for samfunnskontakt, arbeidsliv og livslang læring bidreg til at HVL sine fagmiljø er attraktive samarbeidspartnarar for privat næringsliv og offentlege verksemder. Avdelinga har eit særskilt ansvar for å støtte fakulteta sitt arbeid med å utvikle studietilbod i eit livslangt læringsperspektiv, og tilby fleksible utdanningar. Avdelinga har vidare ansvar for støtte til planlegging, synleggjering og gjennomføring av interne og eksterne arrangement og konferansar i HVL. Avdelinga har også ansvar for https://hvlskape.no/.

_ _ _
 

Resaland er utdanna frå er frå HiSF (grunnfag i samfunnsfag, engelsk og idrett, samt mellomfag idrett og PPU) og Norges idrettshøgskole, Oslo (mellomfag, hovudfag og doktorgrad).

Resaland har vore tilsett ved HVL (2017-) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) (2001-2017).

I perioden 2017-2021 var Resaland professor i Idrettsvitskap ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Resaland har publisert om lag 75 fagfellevurderte artiklar i internasjonale tidsskrift. Han har vore på forskaropphald ved to høve: University College Dublin, Irland (2007-2008) og University of Texas, Austin, USA (2016-2017).  

Resaland var i perioden 2018-2021 leiar for Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL) som blei etablert ved Campus Sogndal i 2018. SEFAL tilbyr arbeidsplassbaserte kompetansehevingstiltak i fysisk aktiv læring både som etterutdanning og vidareutdanning. I same periode var Resaland leiar for ACTivate, eit Erasmus+ samarbeidsprosjekt mellom Norge, Danmark, England, Nederland, Finland og Portugal. ACTivate har mellom anna utvikla ein europeisk læreplan i fysisk aktiv læring for lærarar i Europa.