- Om vi skal bygge eit nytt universitet, må vi bygge opp kvar og ein av oss

Det viktigaste den nye prorektoren for utdanning kan om leiing, har ho lært frå Eid musikklag og Eid jentehandball: Om du skal få til noko stort, er kvar person viktig.

Midt på dagen ein fredag i september er Anne-Grethe Naustdal strålende glad i korridorane på Campus Førde. Ho er i lag med to studentar frå Bergen og Sogndal, Ingvill Holmberg og Amalie Helstrup Torkildsen – viser dei rundt, introduserer dei til personar som jobbar på campus, snakkar om kor bra det er at dei to har teke turen hit. Dei jobbar på Studenttinget, vil rekruttere fleire inn i studentpolitikken, og difor er dei her. Dei skal stå på stand og dele ut brosjyrar.

- Vi må ta bilde av dykk, fortelje om dykk på nettsidene våre! seier Naustdal, og vendar seg til ein kommunikasjonsrådgivar som tilfeldigvis går forbi akkurat då, dette må då kunne fiksast?

Når rådgivaren ikkje har tid, gjer prorektoren det like gjerne sjølv. Same ettermiddag er det bilde av dei to studentpolitikarane på Facebook-sida hennar, med fleire avsnitt om den viktige jobben Studenttinget gjer på felt som utdanningskvalitet, studentvelferd, berekraft.

Den unge klarinettisten

Denne typen begeistring er typisk for Naustdal – ho vil at alle skal sjå kvarandre og sette pris på kvarandre, skjøne korleis dei andre jobbar («Folk kan altfor lite om studieadministrasjonen!»). Ho vil at vi skal forstå korleis alt heng saman i ein diger organisasjon som HVL. Samhald er avgjerande. Det er nett som eit orkester, meiner ho, og dette veit ho noko om: I årevis var Naustdal klarinettist, først i skulekorpset, sidan i Eid musikklag. Der spelte tenåringar og syttiåringar i lag, og sjølv om dei var på heilt ulike plassar i livet, kjente dei at det ikkje var nokon forskjell på dei. Dei var alle musikantar.

- Når du speler i korps, hjelper det ikkje at du speler reint viss ein annan speler surt. Du må hjelpe sidemannen, seier Naustdal.

- Kanskje du må seie til han at han må hugse å halde tangenten inn sånn, eller skifte flis på klarinetten sin. Viss det pip veldig frå instrumentet, er det fordi flisa har flist seg heilt opp.

Klarinettkarrieren fekk ein brå slutt då ho reiste frå heimbygda Nordfjordeid til Arendal for å ta sjukepleiarutdanning. Lyden av øvinga hennar var ikkje populær i bukollektivet. Den andre store interessa hennar – idretten – har derimot følgt henne heile livet. Meir om det seinare.

Kjærleiken til det systematiske og punktlege

Naustdal har ei lang historie i høgskulen – først som fagperson og studieleiar på sjukepleiarutdanninga i Førde, sidan som dekan for Avdeling for samfunnsvitskap i Sogndal i HiSF-tida, så som prodekan for utdanning i Fakultet for helse- og sosialvitskap i HVL. Ein ting ho utmerkte seg med tidleg i løpet, var å innføre og bygge opp kvalitetssystemet til høgskulen etter Kvalitetsreforma innan høgare utdanning. Ho reiste rundt og gjorde heile organisasjonen merksam på kva dette var og korleis jobbe med det.

Når du speler i korps, hjelper det ikkje at du speler reint viss ein annan speler surt. Du må hjelpe sidemannen

Anne-Grethe Naustdal

Viss høgskulen er som eit orkester, er kvalitetssystemet som eit partitur – noko alle må følgje nøye og øve seg flittig på for å kunne spele bra. Systemet forenklar den kompliserte samlinga av lover og forskrifter vi skal oppfylle for å halde utdanningskvaliteten oppe, dermed er det på mange måtar heilt i kjernen av verksemda vår.

- Likevel er det ikkje så mange som likar kvalitetssystemet. Dei synst det verkar kjedelig, berre byråkrati og dokumentasjonskrav, innrømmer prorektoren.

- Men det er det ikkje! Eg vil at alle skal lære seg å bli glad i det.

Systematikk ligg hjartet hennar nært – å vere punktleg, førebudd, strukturert. Naustdal trur det heng saman med at ho tidleg lærte seg å ta ansvar. Mor hennar var leiar på sjukehuset og faren på ein møbelfabrikk, så dei hadde lange dagar. Dermed blei det storesøster Anne-Grethe som tok ansvaret for veslebroren alt tidleg i tenåra: følgde han til barnehagen, henta han igjen når dagen var slutt, laga middag.

- Då lærer du deg at du må passe tida, ikkje sluntre unna.

Korleis vi skal bli eit universitet

Som prorektor fekk Naustdal ein brå start i august, då det var stor interesse for korleis HVL ville handtere studiestart i ein kvardag framleis prega av pandemi. Ho svarte på spørsmål om hurtigtestar, fadderveker, avstandskrav og smitterisiko nærast døgnet rundt til medium både lokalt og nasjonalt. Dermed er ho godt i gang i den nye rolla.

No tenkjer ho aller mest på to overordna visjonar for det ho vil som prorektor: styrke utdanningane slik at HVL tek steget til å bli universitet, og styrke digitaliseringa, som ho meiner utvider territoriet for kva ein kan få til som institusjon. Ho ser mellom anna nye spennande måtar å kombinere det digitale og det fysiske i undervisninga.

- Å kople forskinga og utdanningane tettare saman er noko av det viktigaste vi jobbar med no. Studieporteføljen må vere tett knytt til kva vi forskar på, for berre slik blir både utdanningane og forskinga vår verkeleg god. Med forskarar som underviser i det dei forskar på, får studentane det beste, seier Naustdal.

- Vi bygger ein ny type universitet med sterkt geografisk nærvær, og eg trur det vil forsterke Vestlandet som region. Gjennom campusutviklingsprosjekta merker vi eit stort engasjement frå kommunane. Dei likar at vi lagar universitet.

Det vanskelege med å leie

Ho er van med å vere sterk, få leiarposisjonar, bli høyrt, få ting til. Men du kan ikkje vere sterk alltid, eller ha harmoni rundt deg alltid. Dette har Naustdal fått merke på ulike punkt gjennom livet. Ho er lite glad i konflikt («No må vi ha det koseleg her!» sa ho bestemt frå baksetet i familiebilen i barndommen, om dei skulle på campingtur og nokon krangla).

Ho gjekk på ein smell på Buskerud sentralsjukehus. Då var ho 27 år gammal, ny avdelingsleiar på hjarteavdelinga og full av idear, ville bygge faggrupper og få folk til å spesialisere seg meir. Men det gjekk altfor fort for personalet, dei skjønte ikkje kva ho dreiv med og blei svært stressa. Det heile munna ut i eit personalmøte der dei tok bladet frå munnen og let henne få høyre nøyaktig kor lite dei likte det.

- Det var ein dårleg start. Eg fekk skikkeleg kritikk! Då måtte eg berre gå tilbake og begynne på nytt, seier Naustdal.

- Då lærte eg at viss du ikkje får med deg folk, kan du berre gløyme det. Som leiar må du alltid passe på at alle du jobbar med skjønar kva vi jobbar mot, og kvifor, elles går ein ikkje rett veg. Difor er eg så oppteken av god kommunikasjon.

Vi bygger ein ny type universitet med sterkt geografisk nærvær, og eg trur det vil forsterke Vestlandet som region

Anne-Grethe Naustdal

Under fusjonsdiskusjonane, då ho var dekan i Sogndal på gamle HiSF, opplevde ho også å står i krevjande debattar. Ja eller nei til fusjon var ein av dei. Ikkje alle var like begeistra då ho sjølv gjekk frå å vere mot fusjon til å bli for.

- Alle har lyst til å bli likt, men det går ikkje an å bli det alltid. Du må berre vere deg sjølv uansett, og ikkje framstille deg sjølv som eit glansbilde. Fusjonstida og diskusjonane då var veldig tøffe. Men eg opplevde at du kjem veldig langt ved å prate med folk, informere godt og lytte til dei.

Eit metablikk på alt vi gjer

Likevel trivst Naustdal utruleg godt med å vere leiar. Ho vil helst vere i rolla der ho har overblikket, lagar strategiar, finn retninga for alle. Det har vore naturleg for henne heilt sidan barndommen, då ho tidleg starta som trenar i handball. Idretten er akkurat som arbeidslivet, synst Naustdal. I tillegg til å vere handballspelar sjølv, har ho hatt mange andre roller: leiar for barneidretten i Naustdal, hjelpetrenar i volleyball og no, nestleiar i Vestland idrettskrins. Ho synst idretten er med henne i alt ho gjer – den formar måtane hennar å tenkje og handle på.

Du må berre vere deg sjølv uansett, og ikkje framstille deg sjølv som eit glansbilde

Anne-Grethe Naustdal

Etter eit fall på Fløyen på ein tidleg morgontur før jobb i Bergen, ein kneskade og fleire operasjonar, kan ho ikkje lenger dyrke sport sjølv. Ho får ikkje gått fjellturar for å ta seg inn, slik ho brukte å gjere før, og ho har måtta tole mykje smerte og vakenetter. Det har gitt henne stor respekt for alle som lever med kroniske smerter. Og også, forsterka innsikta hennar om at store visjonar og ambisjonar er bra å ha, men ikkje alt i livet.

- Du kan ikkje alltid berre dure på. Det er nyttig å oppleve. Då ventar eg det ikkje av andre heller, for ingen kan vere hundre prosent kvar dag, seier Naustdal.

- Det viktigaste er å ha eit miljø der vi bryr oss om kvarandre og ser kvarandre. Ein annan ting: å vite når du skal sette strek, og sjå at det du har gjort, er godt nok.