- Nye reglar for universitetsstatus styrkar HVL

Det seier rektor Gunnar Yttri i Høgskulen på Vestlandet. I dag var han på plass i Oslo då ekspertgruppa for akkreditering av universitet la fram sin rapport. Det særmerkte kravet om å tilby fire doktorgradsutdanningar kan no falle vekk.

- Arbeidsgruppa sin rapport og framlegg til tiltak er tydeleg og framtidsretta. Som HVL har spelt inn ved fleire høve er tida overmoden for eit nytt og moderne regelverk tilpassa den tida og det institusjonslandskapet vi lever i.

- Det er fornuftig av arbeidsgruppa å gjera prosessen med universitetsakkreditering meir føreseieleg og ikkje så omfattande og byråkratisk.

Framleis høge krav

Yttri er glad for at høge kvalitetskrav framleis ligg til grunn for å bli akkreditert som universitet.

- Det viktigaste er at dei nye kriteria som er føreslått ikkje senkar krava om høg kvalitet i utdanning og forsking. Det vil ikkje bli lettare å bli universitet om nokon trur det.

- Tvert i mot vert kvalitetskrava styrka og modernisert, og vi legg vekk dei særnorske krava. No er det den faglege heilskapen og profilen som trer tydeleg fram. Det er bra for heile sektoren vår.

- Vi byggjer det nye Universitetet på Vestlandet på grunnlag av gjeldande kriterium. Dersom krava vert endra i tråd med det ekspertutvalet gjer framlegg om, vil den høge graden av framhald i høve til sentrale kvalitetskrav i eksisterande og eventuell ny ordning, gjera at vårt universitet står særleg støtt.

Understrekar internasjonal kvalitet

Det var leiar av arbeidsgruppa, Ingvild Marheim Larsen, som løfta fram dei viktigaste hovudlinjene i rapporten under pressekonferansen i Oslo måndag 9. januar.

  • Det såkalla særnorske firarkravet på tal doktorgradsutdanningar fell vekk. No skal institusjonane vurderast på bakgrunn av å ha ei stabil og dekkande forskarutdanning for heile den faglege profilen. Arbeidsgruppa føreslår at institusjonane må ha tatt opp 60 doktorgradsstudentar dei siste fem åra, og i gjennomsnitt ha uteksaminert minst 15 kandidatar per år over ein treårsperiode.

  • Samarbeid mellom institusjonar om doktorgradsutdanningar vil det bli opna for og det kan såleis vera ein del av akrediteringsgrunnlaget.

  • Kravet om høg internasjonal kvalitet vert oppretthaldt og understreka.

Meir mangfald

Ei tydelegare kategorisering av universiteta har og vore diskutert. Ekspertgruppa meiner det framleis bør vere berre ein kategori universitet, enn for eksempel profesjons-, regions- eller forskingsuniversitet. Å lage gode nok kategoriar og låse institusjonane i éin bestemt profil vert peikt på som lite tenleg.

- Eg kan forstå at det kan vera vanskeleg å få klare kriterium kring dette, samstundes er det viktig med ein mangfaldig sektor. Det er slik i dag. Vi fyller ulike roller og har ulike fagleg profilar. Eg trur vi vil sjå meir av det.

- Vårt universitet vil vera eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet med fem sterke campus.

- Eg meiner difor at de desse nye reglane og bør vera viktige inn mot endringane i finansieringssystemet som er under oppsegling.

Statsråd Ola Borten Moe opplyste under pressekonferansen at han vil føreslå for regjeringa å sende rapporten på høyring, og i lys av det vurdere korleis ein tek arbeidet vidare.