Litt nærmare det nye universitetet

Under møtet 16. juni såg styret på kor langt HVL har komme på den kompliserte og mangfaldige vegen til å bli eit universitet. Men først fekk dei servert gulrotkake av ein robot.

Ein robot treng ikkje vere kantete og hard, med rykkande, brå rørsler. Tvert imot kan den ha bølgjande, kvite og mjuke former, og vere ganske så varsam og presis - nett som forskingsroboten på det splitter nye Robotics campus Førde. Laboratoriet blei opna av styreleiar Arvid Hallén rett i forkant av styremøtet. Ein god del av arbeidet på labben skal handle om å lære opp robotar til å samarbeide med menneske, noko som vil vere avgjerande for å kunne ha industri i eit høgkostland som Noreg i framtida.

- Her forskar vi med robotar i verdsklasse, erklærte Hallén i opningstalen sin.

Så fekk han eit oppdrag han aldri hadde hatt før: å lære ein robot opp i å skjere kake. Som ein far held handa til barnet sitt for å vise han korleis bruke eit verktøy, heldt Hallén robotarmen med kakespaden i, førte den ned mot bakverket og viste rørsla som skulle til. Deretter heldt roboten fram aleine.

Litt krem datt på golvet. Forskar Erik Kyrkjebø sette kakestykka på fat og plasserte dei så på eit lite, rundt bord med duk på. Så køyrde det vesle bordet tilsynelatande heilt av seg sjølv bort til gjestane og serverte dei – til lattermild undring og begeistring. I bakgrunnen stod ein student og styrte robotbordet med armrørslene sine. 

Pengane utanfrå: meir enn før

Under styremøtet etterpå såg styret på korleis HVL ligg an nett no på ein rekke parameter som er viktige for å nå målet om å bli Universitetet på Vestlandet.

Teknoløft, prosjektet som ligg til grunn for robotikklabben i Førde, er eit seksårig forskingsprosjekt ved HVL finansiert hovudsakleg av Forskingsrådet. Slike løyvingar vil vere heilt avgjerande for å halde eit høgt nivå på forskinga framover, ikkje minst fordi det økonomiske regimet for UH-sektoren er i ferd med å bli strammare. Men det forutset at folk er flinke til å søke.

HVLs søknader om midlar frå Forskingsrådet og Horisont Europa (EUs rammeprogram for forsking og innovasjon) har høg kvalitet, noko som går fram av suksessraten. For søknader til EU har tilslaga gått veldig opp – frå fire prosent i 2020 til 19 prosent i 2021. Her har høgskulen styrka seg med nye forskingsrådgivarar og prosjektkoordinatorar, noko som har gitt eit løft. Det siste året har høgskulen fått tilslag på fem nye EU-støtta prosjekt, der to av dei er leia frå HVL si side – eit stort steg framover.

- Dette handlar ikkje berre om pengar. Det er eit teikn på kvalitet i forskinga vår, og på at vi lagar nye, gode nettverk, sa Gro Anita Fonnes Flaten, prorektor for forsking.

På minussida noterte styret seg at berre seks prosent av fagleg tilsette søkte om midlar frå Forskingsrådet i 2021, og berre 2,4 prosent søkte Horisont Europa. Mykje tydar på at folk flest kvir seg for å gå i gang med det store, omfattande arbeidet som ligg i ein forskingssøknad. Korleis styrke motivasjonen og legge betre til rette for dette, og slik få fleire til å søke?

På bildet: Trond Ueland, Aina Berg og rektor Gunnar Yttri under diskusjonane i styret. Artikkelen held fram under bildet.

Publikasjonar: jamt og trutt oppover

Når det gjeld vitskapleg publisering, kan HVL for første gang notere seg å ha bikka over tusen publikasjonar på eit år. Høgskulen har opplevd ein auke på mange forskjellige målestokkar:

  • Talet publikasjonar
  • Poenga knytt til publisering
  • Produktiviteten
  • Kvinneandelen av publiserte poeng
  • Open publisering

Også når det gjeld internasjonalt medforfattarskap er andelen høg. Alt dette gleda prorektoren for forsking, sjølv om det også er nokre skjær i sjøen. Andelen publisering på nivå 2 – dei mest høgtrangerande publikasjonane – har gått lite oppover. Og når det gjeld målet om å  ha ope tilgang til flest mogleg av forskingsartiklane, ligg vi bak dei fleste andre institusjonar i sektoren.

Ei anna utfordring er at utviklinga på dei ulike fakulteta er ujamn. Nokre susar framover, mens andre står på staden kvil, og det er framleis mange vitskapleg tilsette som ikkje publiserer i det heile teke. Styreleiar Arvid Hallén var likevel svært glad etter å ha lese rapporten om vitskapleg publisering:

- Å styrke oss på dette er eit mødesamt arbeid, og det har skjedd ei veldig tydeleg utvikling. Det er den viktigaste meldinga. Vi er absolutt på rett kurs her, sa han.

- Så ser vi at det framleis er mange utfordringar å ta tak i – men sånn er jo livet!

Mikrokurs, pyramidar og den vanskelege balansen

På utdanningsfeltet har HVL mange store oppgåver å ta tak i, og nokre av dei kan til tider komme i konflikt med kvarandre. Også her er utviklinga avgjerande for å sikre at høgskulen kan levere universitetssøknaden i 2023. Styret fekk presentert rapporten om Livslang læring og diskuterte den.

Arbeidslivsrelevans er det store gullordet for ein institusjon som skal bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet, og oppi dette speler livslang læring ei viktig rolle. HVL skal svare raskt på behova i samfunnet, tilby vidareutdanningar og kurs som næringslivet og det offentlege til ein kvar tid treng. Ingen skal gå ut på dato, som det heiter, og utdanning skal vere tilgjengeleg for folk uavhengig av geografi og livssituasjon.

Men korleis lage verkeleg fleksible utdanningar? Det skjer gjennom ein kombinasjon av deltid, desentralisering og nettbaserte kurs. Også – dei såkalla mikrokursa som er overkommelege å nå over ved sida av fulltidsjobb. Styret blei orientert om utviklinga av ulike studietilbod  og mogleg samarbeid med såkalla studiesenter, regjeringas grep for å skape utdanningstilbod overalt i landet. For ein institusjon som alt har  fem campus geografisk spreidd på Vestlandet gir dette både utfordringar og moglegheiter.

- Linja vår om å bygge fem sterke campus ligg fast. Det å utvikle fleksibel utdanning og å samarbeide med studiesenter må byggje opp under dette.  Budsjetta våre blir ikkje større. Vi må også ta vare på utdanningspyramidane våre, og då trengst det fagkrefter som vi ikkje kan spreie for tynt utover, sa rektor Gunnar Yttri.

Mål: 30 prosent studentar skal reise ut

Ein utdanningspyramide er eit samanhengande utdanningsløp frå bachelorutdanning og opp til ph.d. Å ha slike samanhengande løp er ein hjelp i konkurransen om studentar og tilsette, og viktig for å bli eit universitet. For studentane inneber dette at dei kan planlegge heilskaplege studiar utan blindvegar.

Gjennom saka om utdanningsporteføljen som styret også diskuterte, gjekk det mellom anna fram at HVL har planar om eit nytt masterprogram i anvendt datateknologi. Dette kan rekruttere kandidatar til ph.d.-en innan datateknologi, og styrke teknologimiljøet i Førde og elles i høgskulen – eit etterlengta grep for denne delen av fagmiljøet.

Internasjonaliseringsmeldinga var eit siste punkt som er sterkt knytt til universitetsambisjonen, der eit av krava er at institusjonen må ha sterke internasjonale nettverk. Handlingsplanen for internasjonalisering tyda på framgang her, sjølv om koronatida sette ein brems. HVL har mange nye grep på dette feltet, mellom anna ein ny, sjølvlaga app som hjelper studentar med å søke utveksling.

- Den er fantastisk! Då eg gjekk inn på den fekk eg straks lyst til å dra på utveksling til Zambia, sa styrerepresentant og lærarstudent Alexander Papas.

- Blant fagfolka våre ser vi auka og meir strategisk bruk av nettverk. For studentane er målet vårt å få 30 prosent av dei til å reise ut, samstundes jobbar vi også med internasjonalisering heime. Vi skal utdanne verdsborgarar, sa Gro Anita Fonnes Flaten.