Sterk kurs mot det nye universitetet

Det nye universitetet som Høgskulen på Vestlandet byggjer var hovudsak då styret var samla i to dagar i Haugesund. – Arbeidet er i god rute og vi har fin fart, seier styreleiar Arvid Hallén.

Hallén oppsummerer styredagane i Haugesund slik:

– Vi har hatt to gode dagar. Onsdag hadde vi styremøte og torsdag hadde styret eit eige seminar. Der presenterte prosjektleiinga status for universitetsarbeidet og planane framover. Styret i lag med toppleiinga fekk høve til å gå grundig gjennom kor vi står og kva vi må arbeide vidare med.

Stadig sterkare

Det ble gode og grundige diskusjonar i Haugesund.

– Styret ser at ein byggjer godt og vi styrkar oss på alle område. Pilane peiker oppover.

Av ting styret ga innspel på, var å halde fast i kursen som er lagt.

– Vi har stø kurs. Det er styret som sender sjølve universitetssøknaden og vi held trykket oppe, seier Hallén.

Solid grunnlag

Rektor Gunnar Yttri opna og avrunda styreseminaret. Han seier at fortellinga om det nye universitetet skal enda sterkare fram.

– Vi har fått mange nyttige innspel frå styret. Historia om universitetsarbeidet vår skal vi løfta endå meir fram, og den går gjennom alle våre tilsette, studentane og omgjevnadene våre.

– Vi kan stundom bli fokusert på tellekantar og første- og toppkompetanse. Her meiner styret at vi må sjå breiare. Ikkje minst må vi sjå det solide grunnlaget vi har i alle grunnutdanningane. Det er i frå dette viktige nivået vi byggjer. Det er her mykje av identiteten og profilen vår ligg.

Vise fram historia

– Styret var òg merksame på at det å bli universitet er ein del av vår merkevare. No er vi midt i ein namneprosess som også styret ønskjer å vera tettare på, seier Yttri og legg til:

– Vi må saman arbeida for å gje alle i høgskulen og dei som er rundt oss eit eigarskap til målet vårt. Særleg må vi passe på at alle tilsette kjenner seg som ein del av arbeidet. Det vil gi arbeidsglede, engasjement og motivasjon. Det vil òg styrkje oss som eit fellesskap på tvers av campusar, fag og administrasjon.

– Det at vi blir eit universitet betyr noko meir og større enn å oppfylle NOKUT-krava åleine.

Godt driv i fagmiljøa

Onsdagens styremøte hadde godt og vel 20 saker til handsaming. Fleire nye utdanningar blei etablert.

– Det har vore eit stort arbeid i fagmiljøa og styret ser eit godt driv. Vi får meir og meir ut av samanslåinga. Fagleg samordning og nyorientering lovar veldig bra, seier Yttri.

– Styret ser at det har vore arbeidd svært godt og framtidsretta både for å svare opp på behova, byggje saman fagmiljø og styrkja campusar.

– Fagmiljøa våre finn fram til gode modellar og det vitnar om gode prosessar, utviklingarbeid og nybrotsarbeid av høg kvalitet. Fleircampusstrukturen vår ber gode frukter. Vi er verkeleg i ferd med å få til mykje godt i høgskulen vår.

Godt grep med samfunnskontaktar

Høgskulestyret fekk òg ei orientering om korleis ein no løyser dette med stadleg ressurs og kontaktpunkt på alle fem campusar gjennom fem samfunnskontaktar – og korleis dette igjen vert styrka med fire prodekanar for regional utvikling.

– Det er eit godt grep for samhandling og regional utvikling. Vi er i ferd med å gjere ein kompleks organisasjon med mange dimensjonar forståeleg, seier Arvid Hallén.

– Styret ser fram til å høyre meir om korleis dette arbeidet tek form og korleis dette er kopla til det viktige arbeidet med livslang læring som vi har stor merksemd på. Det er viktig at dette heng godt i saman.