Landa ny strategi til 2030

Styret for HVL vedtok i dag ny strategi for tidperioden 2023-2030.

- Strategien er høgskulen sitt program for åra som kjem. Den gir retning og peiker på kva vi skal prioritere og kva slags mål og ambisjonar vi no siktar etter, seier Arvid Hallén.

Han fortel at styret har vore tett på arbeidet ved fleire høve gjennom året. I dag vart siste finpussen gjennomført.

- Det nye universitetet er kjernen i den nye strategien. Vi vidarefører hovudretninga frå HVL sin første strategi, samstundes som vi tilfører ein del nytt som fangar inn utviklinga.

- Vår sterke arbeidslivsretta profil og det nære samspelet med omgjevnadane er framleis eit tydeleg element i strategien. I tillegg står vår fleircampusstruktur støtt. Fem campus sterke kvar for seg, og sterke i lag.

- Det ligg i universitetsambisjonen at vi må satse meir på forsking både for å sikre auka forskningsvolum og kvalitet og for å styrke utdanningane våre.  

- Styret opplever at arbeidet med ny verksemdsstrategi har vore ein god og samlande prosess med medverknad både internt og med partnarar og interessentar i omgjevnadene.

- Vi har no eit godt, presist og kortfatta dokument. Det gir tydeleg retning og grunnlag for arbeidet i åra som kjem. Strategien skal i det vidare arbeidet konkretiserast i handlingsplanar og konkrete tiltak og prosjekt.

Rektor Gunnar Yttri- Vår nye strategi gir oss retning og fotfeste! sa rektor Gunnar Yttri.

Årets siste styremøte i Haugesund hadde i tillegg til ny strategi ein fullpakka saksliste med saker som i stor grad hang saman.

Sakslista omfatta mellom anna:

  • Rapport om studentopptaket og rekrutteringsarbeidet 2022
  • Det samla eigenfinansierte studietilbodet ved HVL for studieåret 2023-24
  • Budsjett for 2023
  • Campusutvikling HVL - Byggeprosjekt Haugesund
  • Orientering om bruk av digitaliseringsmidlar 2022
  • Sluttrapport prosjekt campusutviklling

Opptaksrapporten og arbeidet med studentrekruttering fekk mykje plass.

- God studentrekruttering er mykje av grunnlaget vårt og utdanningskvalitet og fornøgde studentar er ein nøkkel i arbeidet. Så ser styret at vi også må nå endå betre ut. Vi må arbeide aktivt med å nå målgruppene gjennom ulike tiltak og kanalar. Arbeidet er ein heilårsaktivitet. Styret ser at mykje av det ein gjer i dag er bra. Vi er på rett veg.
 
I saka om studietilbodet for kommande år var fleire i styret inne på at ein må bruke 2023 til å arbeide for fleksibilitet og evne til å følgje opp endringar i søkjartal og kompetanasebehov. 

- Vi meiner at det no vert svært viktig å utvikle ein solid og berekraftig studieportefølje og det krev at vi har brei merksemd kring mange ulike omsyn og faktorar.

- Styret ser at det i fakulteta vert utført eit omfattande arbeid for å utvikle gode og relevante studietilbod. Styret verdset dette.

Budsjettet for 2023 var og på styrets bord, og koplinga til kjerneverksemda utdanning og forsking ligg til grunn.

- Vi ventar at det kan bli mindre vekst i budsjetta i åra framover. Men HVL har eit godt utgangspunkt med ein solid økonomi, som gjer at vi kan bruke nødvendig tid til omstilling og tilpasning. Det handlar om å finne eit best mogleg aktivitetsnivå som er ansvarleg og offensivt. Dei prosessane som er i gang teiknar bra og viser at dette er handterbart med gode og langsiktige grep.

- Det er viktig for styret å understreke at vi har ein sunn økonomi. Men det er viktig å gjere kloke grep medan handlerommet og valfridomen er der.

Nybygg i Haugesund var ei sak som ga energi.

- Prosjektet slik det no ligg føre er godt gjennomarbeidd og løysinga som vi fekk presentert innfrir dei aller fleste forventningane vi har hatt til nybygget. Campus Haugesund er i god utvikling og styret er tydeleg på at HVL satsar her.

Neste steg i arbeidet med nybygget er at Statsbygg vil sende prosjektet ut i marknaden for å henta inn pris. Ein reknar med at det arbeidet vil gå føre seg i store delar av 2023, før styret får saka på bordet igjen til vidare handsaming.

Studentrepresentanter i styretStyremedlemmene Alexander Papas og Linnéa Solvang er oppteken av campusutvikling og at fornøgde studentar er viktige i rekrutteringsarbeidet.