Leiing og organisering

Styret er det høgste avgjerande organet ved Høgskulen på Vestlandet. Arvid Hallén er styreleiar. Berit Rokne er tilsett rektor ved Høgskulen på Vestlandet, som øvste faglege og administrative leiar.

Rasmus Stokke er rektor sin stadfortredar.

HVL har tre prorektorar, ein i kvar nærregion, som på vegne av rektor har ansvar for regional utvikling i nærregionen.

Mellombelse prorektorar frå 1.1. til 1.8.2017:

  • Rasmus Stokke er mellombels prorektor for nærregion Sogn og Fjordane.
  • Bjørg Kristin Selvik er mellombels prorektor for nærregion Bergen.
  • Liv Reidun Grimstvedt er mellombels prorektor for nærregion Stord/Haugesund.

Mellombels organisering i 2017

2017 skal brukast til å utvikle og implementere den nye organisasjonen, før endeleg fagleg og administrativ organisering trer i kraft i 2018. 

Frå 1.1.2017 til 31.12.2017 blir høgskulen mellombels organisert som tre nærregioneiningar: nærregion Sogn og Fjordane, nærregion Bergen og nærregion Stord/Haugesund.

I tillegg utgjer rektor, ei leiargruppe, rektor sin stab, eit styresekretariat, studentombod, eit organisasjonsutviklingsprogram og ein råds- og utvalsstruktur eit mellombels institusjonsnivå i 2017.