Prorektor for utdanning

Anne-Grethe Naustdal

Arbeids- og kompetanseområde

Prorektor for utdanning i perioden 01.08.21 til 31.07.25.

Prorektor utdanning har eit særleg ansvar for utdanningane, den strategiske utviklinga og kvaliteten innanfor utdanningsområdet. Prorektor utdanning har det overordna leiaransvaret for dei fellesadministrative tenesteområda utdanningskvalitet, studieadministrasjon og utvikling av læring og undervisning.

Prorektor utdanning er ein del av Toppleiinga som tek opp saker av strategisk innverknad for høgskulen.  

Naustdal er tidlegare prodekan utdanning ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ved Høgskulen på Vestlandet, dekan ved Avdeling for samfunnsfag og studieleiar ved sjukepleieutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho har erfaring frå ei rekkje verv regionalt og nasjonalt knytt til UH-sektoren. Naustdal er utdanna sjukepleiar, har utdanning i pedagogikk, mastergrad i organisasjon og leiing og er førstelektor i helsefag.

 

Mediekontakt

Kommunikasjonsansvarleg Svein Ove Eikenes,  svein.eikenes@hvl.no

Mobiltelefon: 916 16 520


Rektoratets stab

Seniorkonsulent Lene Merethe Ulvestad lene.merethe.ulvestad@hvl.no 
Telefon: 55 58 55 95

Ta elles kontakt på prorektor.utdanning@hvl.no
​​​​​​​Telefon 900 94 491