Rektor

Gunnar Yttri

Arbeids- og kompetanseområde

Tilsett rektor frå 1. januar 2021. 

Som rektor er eg dagleg leiar for  den faglege og administrative verksemda ved høgskulen. 

Eitt av særtrekka ved institusjonen vår er dei fem campusane, og eg ønsker å legge til rette for at alle campusane skal halde fram med å utvikle seg. Høgskulen på Vestlandet vil bli det nye universitetet på Vestlandet, og eg vil bidra til at vi skal bli ein enda sterkare utdannings- og forskingsinstitusjon i godt samarbeid med samfunnet rundt oss. 

Før eg vart rektor var eg tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsvitskap ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.  Eg  har undervist i ulike historiske emne, akademisk skriving og vitskapleg metode. Forskinga mi omfattar økonomisk og teknologisk historie, forskings- og utdanningspolitikk og fornybar energi.

Eg er dr.philos. i historie frå Universitetet i Oslo og har mellom anna vore forskar ved Senter for teknologi og menneskelege verdiar ved UiO. I 2014-2015 var eg gjesteforskar ved Manchester Metropolitan University i England, og eg har også hatt forskingsopphald i Skottland og USA. 

I to periodar var eg tilsett dekan ved Avdeling for samfunnsfag ved tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane. I samband med fusjonen vart eg medlem av interimstyret ved HVL hausten 2016. I framhald av dette har eg vore medlem i høgskulestyret, vald av dei fagtilsette, for perioden 2017 – 2019 og perioden 2019 – 2023.

Pressebilete og mediekontakt

Ta gjerne kontakt på rektor@hvl.no.

Underviser i

  • Historie, vitskapleg metode og akademisk skriving.

Forskar på

  • Fornybar energi og lokalsamfunn.
  • Utdanningspolitikk og høgare utdanning

Forskargrupper