Samfunnsendring, mobilitet, ungdom, kultur og kunnskap

Samfunnsendring, mobilitet, ungdom, kultur og kunnskap, SMUKK, er sett saman av samfunnsvitarar og historikarar.

Ei overordna målsetting er å bidra til ei informert og reflektert samfunnsstyring og samfunnsdebatt, gjennom å formulere, greie ut og formidle aktuelle problemstillingar og perspektiv med utgangspunkt i eiga forsking.

Forskarane i SMUKK representerer eit bredt spekter av interessefelt, som kan grupperast innan tre hovudområde:

  • Hybride landskap
  • Stad, rørsle og kultur
  • Utdanning og kunnskap

Hybride landskap er ei tilnærming til å studere miljø og berekraft, ved å sjå landskapet som ei saumlaus eining der natur og kultur påverkar einannan gjensidig.

Feltet stad, røynsle og kultur omfattar kulturmøte, mobilitet, organisasjon, klassestudie, minoritetar, marginale grupper og urfolk.

Forskinga på utdanning og kunnskap tek dels for seg generering og formidling av kunnskap i samfunnet generelt, dels studie av eiga undervisning med tanke på forbetring og fornying hos oss sjølv og andre.

Fleire av historikarane i SMUKK er røynde oppdragshistorikarar, og tek gjerne på seg å skrive historia om lokalsamfunn, bedrifter, offentlege etatar og organisasjonar.

Kontaktinformasjon

bilde av Yngve Skjærseth Nilsen

Yngve Skjærseth Nilsen

Forskargruppeleiar