Historia til HVL

Sjølv om Høgskulen på Vestlandet er ein ny institusjon, har skulen røter frå langt tilbake. Tre utdanningsprogram blei etablerte allereie på 1800-talet.

Klikk på bildet for ein større versjon.

1800-åra

Den eldste delen av HVL kjem frå Stord. Seminaret for Bergens stift var lagt til Stord, og Storøens Seminarium starta opp her i 1839. Før fusjonen med Høgskulen Stord/Haugesund, hadde skulen namnet Stord lærarhøgskule.

I 1861 starta jordmorskulen opp i Bergen, og denne skulen har også hatt mange namn gjennom tidene. Fram til 1926 heitte skulen Bergen Fødselsstiftelse og Jordemoderskole. På 1980-talet blei skulen ein del av det statlege høgskulesystemet og fekk namnet Bergen jordmorhøgskule.

I 1875 starta opp det som då heitte Bergen tekniske skole, som seinare blei Bergen ingeniørhøgskole. Staten overtok eigarskapet over skulen i 1977, og i 1994 blei den ein del av Høgskolen i Bergen.

Lærar-, jordmor- og ingeniørutdanningane er såleis dei eldste ved HVL, og lærarutdanninga er den eldste i landet.

1905-1953

Bergen Musikakademi blei etablert i 1905 og var ein del av Høgskolen i Bergen i 1994-1995, då under namnet Bergen Musikkonservatorium. Frå 1995 av blei skulen organisert som eige institutt ved Universitetet i Bergen.

Haukeland helsefaghøgskule blei først etablert i 1908 som Bergen Kommunale Sykepleierskeforbund. I 1982 fekk skulen høgskulestatus og fire år seinare blei skulen overtatt av staten. Etter at radiografutdanninga i Bergen blei ein del av skulen i 1991, skifta dei namn igjen, denne gongen til Haukeland helsefaghøgskole.

Det skulle ta litt tid før det kom ein ny skule som i dag høyrer til HVL. I 1953 starta Bergen lærerskoleklasser. Før skulen blei ein del av Høgskulen i Bergen i 1994, heitte den Bergen lærerhøgskole, og hadde tilhald på Landås.

1953-1979

Utover 1970-åra blei det etablert høgskular over heile landet. På Stord kom Stord sjukepleiarhøgskule (1977), i Bergen blei Fysioterapihøgskolen (1976) oppretta, og i Sogn og Fjordane såg både Sogndal lærarhøgskule (1973), Sogn og Fjordane distriktshøgskule (1975) og Sogn og Fjordane sjukepleiarhøgskule (1979) dagens lys.

Lærarutdanninga i Sogndal starta først opp i 1963 ved Sogndal gymnas, der halvparten av utdanninga gjekk føre seg ved Volda lærarskule. Dette varte fram til Sogndal lærarskule blei eigen skule i 1972.

I Haugesund blei både Statens havarivernskole (1973) og Haugesund maritime høgskole (1979) oppretta, og desse to skulane blei slått i saman i 1991 under namnet Statens sikkerhetshøgskole. Tre år seinare var skulen ein del av Høgskulen Stord/Haugesund (HSH).

1980-1993

I 1980-åra blei studietilbodet på Vestlandet stadig større. Statens dykkerskole, som kom til Høgskulen i Bergen i 2005, blei starta opp i 1980. Same år kom Haugesund sjukepleiarhøgskule. Året etter blei Høgskulen på Sandane oppretta i Sogn og Fjordane, der studentar fekk utdanning i spesialpedagogikk. I same fylke kom dessutan Ingeniørhøgskulen i 1988. Dei to sistnemnde blei fusjonert inn i Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) i 1994.

Mellomfasefusjonen Bergen helse- og sosialhøgskole (1991) kom inn under Høgskolen i Bergen i 1994, og bestod av fire skular og utdanningsprogram. Desse var Bergen jordmorhøgskole (1861), Bergen, sosionomutdanning og helsesøsterutdanning, Bergen vernepleierhøgskole (1979) og Høgskolen i psykiatrisk sjukepleie (1980).

I tillegg blei ergoterapeututdanninga i Bergen (1993) også ein del av HiB.

1994

I nokre tiår før 1994 starta prosessen med å etablere regionale høgskular. Frå og med 1. august hadde 98 mindre statlege skular blitt slått saman til 26. Det var Hernesutvalet, gjennom statsråd Gudmund Hernes, som initierte den såkalla høgskulereformen. Nesten alle fylka i landet fekk no sin eigen høgskule.

Hausten 1994 hadde vi altså Høgskulen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Sogn og Fjordane.

2017

I 2016 starta prosessen med å slå saman dei tre høgskulane til èin institusjon. Den nye skulen fekk namnet Høgskulen på Vestlandet (HVL). Den profesjonsretta skulen såg dagens lys 1. januar 2017 med professor Berit Rokne som rektor. Målet er at HVL på sikt skal bli eit universitet.