Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar

Eit forskingsprogram ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, HVL.

Formålet med forskingsprogrammet er å studere problemstillingar knytt til kunstnarlege, kreative og kulturelle praksisar med relevans for utdanning, kultur og samfunn. Dette omfattar utforsking av menneskeleg erfaring, skaping, kunnskap, aktivitet og uttrykksformer, så vel som kritisk analyse og drøfting av slik menneskeleg verksemd og dei samanhengane denne inngår i. Forskinga i programmet vil også bidra til endring og innovasjon på ulike område, mellom anna knytt til teknologi og ulike medium. 

Programmet har tre delområde, som er delvis overlappande:

  • Kunst:
    Forskinga i dette delområdet vert gjort på og gjennom kunstformer og estetiske praksisar og læreprosessar der både estetiske inntrykk, uttrykk og avtrykk inngår. Forskinga er forankra i problemstillingar med relevans for lærarutdanning, skule, barnehage og kultursektor.

  • Kreativitet:
    Forskinga i dette delområdet bidreg til utvikling av perspektiv, metodologi og læringsformer knytt til kreativitet og innovasjon, og er gjerne retta mot aktuelle eller framtidige utfordringar i utdanning og samfunn, til dømes tilnærmingar knytt til 21st Century Skills, entreprenørskap og liknande.

  • Kulturelle praksisar:
    Forskinga i delområdet bidreg til å utvikle metodologi og problematisere tema knytt til kulturelle uttrykk, kulturmøte og kulturelle praksisar i utdanning, samfunns- og kulturliv. Kulturomgrepet (i vid forstand) er sentralt i delområdet og vert belyst frå ulike faglege og vitskaplege perspektiv.