Brukarkonto
Som tilsett ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) får du tildelt ein brukarkonto og ei e-postadresse til høgskulen sine digitale tenester. For å sikra god tilgang og høg tryggleik må du vera merksam på passordkrav, byte av passord og bruk av to- og multifaktorautentisering. På denne sida finn du rettleiing til dei viktigaste tryggleikstiltaka
Passord
Byte av passord
Merk: Dersom du vel alternativ tre, vil ikkje PC-en din ta i bruk det nye passordet før han er kopla til internett.
Alternativ 1:
Alternativ 2:
Dette må du gjera det på PC-en din medan han står i dokkingstasjonen på jobb. Trykk CTRL+ALT+DELETE, og vel deretter «Endre eit passord». Følg instruksjonane på skjermen. Når det er gjort, er det lurt å logga av og på PC-en.
Alternativ 3:
Passord
Passordet må innehalde minst 16 teikn og ha både bokstavar og tal
Kontoen blir automatisk opna igjen etter ca. 10 minutt ved fleire feil forsøk
Av tryggleiksomsyn bør du byta passord for innlogging med jamne mellomrom. Nedanfor finn du ei rettleiing for korleis du gjer dette.
Du kan ikkje bruke eit passord du har brukt tidlegare. Passordet kan heller ikkje innehalda brukarnamnet ditt eller namnet ditt.
Public to-faktor
To-faktor pålogging med Feide
For at du skal kunna logga på med Feide i tenester som krev to-faktor-pålogging, må mobilnummeret ditt vera registrert i DFØ-portalen.
Har du jobbmobil, skal nummeret registrerast under Mobilnummer jobb. Skal du bruka privat mobil til pålogging, kan du registrera den under Mobilnummer privat – då vert nummeret ikkje synleg for kollegaer eller andre.
Du kan logga på med to-faktor Feide først dagen etter at du har registrert mobilnummeret ditt.
Registrering i DFØ-portalen på nett:
-
Logg på DFØ-portalen: https://login.dfo.no/
-
Klikk på Egne data
3. Klikk på Personlig Profil:
4. Klikk på >> under Kommunikasjon, og vel deretter anten Mobilnummer jobb eller Mobilnummer privat
5. Fyll i mobilnummeret ditt og klikk Lagre:
OBS: Det kan ta opp til 24 timar frå du registrerer mobilnummeret ditt i DFØ til du kan bruka to-faktor-autentisering.
Registrering i DFØ-appen:
1. Vel Mine opplysninger:
2. Vel Telefon:
3. Vel Legg til nytt telefonnummer:
4. Vel Mobilnummer jobb eller Mobilnummer privat:
5. Fyll inn mobilnummeret ditt og trykk LAGRE:
Multifaktor for din Windows konto
Faren for å bli utsett for dataangrep gjennom identitetskapring er større enn nokon gong. Fleire store og små norske selskap og organisasjonar har dei siste åra opplevd slike angrep.
Den beste måten å verna seg mot dette på, er å nytta multifaktorstadfesting ved pålogging. HVL har i fleire år nytta dette for tilgang til ulike tenester. No ligg det til rette for at vi, over tid, kan standardisera på ein felles stadfestingsmetode som kan erstatta dei ulike løysingane vi har hatt til no.
For tenester som krev særleg høgt tryggleiksnivå, må vi framleis nytta den høgaste autentiseringsmetoden vi har – altså dei nasjonale ID-løysingane som er tilgjengelege gjennom ID-porten.
Kva er multifaktorstadfesting?
Multifaktorstadfesting legg til eit ekstra tryggleiksnivå ved pålogging. I tillegg til passordet ditt (noko du veit), må du også stadfesta pålogginga med noko du får – til dømes ein eingangskode sendt til mobilen din.
Dette hindrar at uvedkomande kan logga på med din ID, sjølv om dei kjenner passordet ditt.
Nullstille multifaktor
Nullstilling er naudsynt for å setja opp appen Microsoft Authenticator på ein ny mobil. Dersom ein ikkje har synkronisert appen mellom telefoner.
For nullstilling:
Dersom de ønskjer meir hjelp med å nullstille multifaktor, kan de gjerne ta kontakt med oss på:
E-post: it-hjelp@hvl.no
Telefon: +47 555 85 888
Avslutning av konto
Administratorrettigheitar
Skjema for tidsavgrensa administratorrett
For å få administratorrettar på di datamaskin må leiaren din senda inn eit skjema på dine vegner. Be leiaren din om å nytta skjemaet som er tilgjengeleg på denne sida:
Leiarskjema: Søkjer administratorrett for tilsett