Aktivere Multifaktor på din konto
Høgskulen på Vestlandet har teke i bruk multifaktorpålogging (MFA) for å styrkje tryggleiken ved innlogging. MFA gir eit ekstra lag med vern mot uønskte påloggingsforsøk og identitetskapring. Du må sjølv aktivere dette på Microsoft-kontoen din. Faren for datainnbrudd og misbruk av brukarkontoar er større enn nokon gong. Det mest effektive tiltaket for å beskytte deg sjølv og HVL sine system er å aktivere MFA.
Slik aktiverer du MFA på HVL-kontoen din
Steg 1 – Last ned ein autentiseringsapp
HVL anbefaler Microsoft Authenticator, men du kan òg bruke til dømes Google Authenticator eller ein annan autentiseringsapp du føretrekkjer. Appen er gratis, og framgangsmåten er om lag den same.
- Android: Last ned frå Google Play Store
- iPhone: Last ned frå App Store
Meir informasjon om appen: Microsoft Authenticator (microsoft.com)
Steg 2 – Logg inn på HVL-kontoen din
Gå til https://www.office.com og klikk på Sign in eller Logg inn.
Skriv inn brukarnamnet ditt i eitt av desse formata:
- Studentar før hausten 2025: studentnummer@stud.hvl.no
- Studentar frå hausten 2025: brukarnamn@hvl.no
- Tilsette: brukarnamn@hvl.no

Skriv deretter inn passordet ditt og klikk på Logg på.
(Gløymt passord? Trykk her.)

Du får opp ei melding om å sikre kontoen («Treng meir informasjon»). Klikk på Neste to gonger.


⚠️ QR-koden går ut etter nokre minutt. Ha mobilen klar før du trykkjer på Neste på PC-en. Dersom koden går ut, må du gå tilbake og prøve på nytt.
Klikk på Neste igjen. Ein QR-kode blir vist på skjermen.

Steg 3 – Skann QR-koden
Opne Microsoft Authenticator på mobilen og gjer dette:
- Førstegongsbrukarar: Vel Skann ein QR-kode når du startar appen.
- Dersom du har appen frå før:
Trykk på + (plussteiknet) øvst til høgre og vel Jobb- eller skulekonto.
- Gje appen løyve til å bruke kameraet og skann QR-koden på PC-skjermen.
- Appen legg automatisk til HVL-kontoen din. Trykk på Fullfør eller Ferdig i appen.
- På PC-en kjem det opp eit tosifra tal. Skriv dette talet inn i Authenticator-appen på mobilen og godkjenn innlogginga.

- Klikk på Neste på PC-en for å fullføre oppsettet.
Alternativ: Oppsett direkte på mobilen
Dersom du gjer oppsettet direkte på mobilen, kan du trykkje på Opne Authenticator i staden for å skanne QR-koden. Då autentiserer du deg direkte i appen utan å bruke QR-kode.
✅ Du har no aktivert multifaktorautentisering på HVL-kontoen din!
Neste gong du loggar inn, må du godkjenne innlogginga i Microsoft Authenticator-appen.
Kva er ein Microsoft-konto ved HVL?
Microsoft-kontoen din er brukarkontoen du nyttar for å logge inn i HVL sine digitale tenester, inkludert:
-
Outlook (e-post)
-
Teams (samhandling)
-
OneDrive (lagring)
-
Office 365-program som Word, Excel og PowerPoint
Brukarnamnet ditt har vanlegvis dette formatet:
-
Studentar frå hausten 2025: brukarnamn
@hvl.no -
Studentar før hausten 2025:
studentnummer@stud.hvl.no -
Tilsette:
brukarnamn@hvl.no
Denne kontoen gir deg tilgang til dei fleste IT-tenestene ved HVL.
Kva er multifaktor?
Multifaktor/authenticator er ei tryggingsløysing som krev to stadfestingar når du loggar inn:
- Noko du veit – til dømes passordet ditt
- Noko du har – til dømes ein eingangskode på mobiltelefonen din
Sjølv om nokon kjenner passordet ditt, vil dei ikkje kunne logge inn utan den andre stadfestinga. Dette reduserer risikoen for misbruk av kontoen din.
Kva er ein authenticator-app?
Ein authenticator-app er ein mobilapplikasjon som genererer eingangskodar du brukar ved innlogging.
Ved HVL anbefaler vi å bruke Microsoft Authenticator, men andre appar som Google Authenticator og Authy kan òg brukast.
Appen kan lastast ned gratis frå App Store eller Google Play. Når MFA er aktivert, vil du få ein forespurnad i appen kvar gong du loggar på – anten ved å trykkje «Godkjenn» eller ved å skrive inn ein eingangskode frå appen.
Viktig: Legg til telefonnummer som ekstra metode
Under oppsett av multifaktorstadfesting bør du òg registrere mobilnummeret ditt som ei alternativ metode.
Dette gir deg ein ekstra tryggleik dersom du:
- Byter telefon
- Mistar tilgang til authenticator-appen
- Treng å nullstille MFA-instillingane dine
Med mobilnummer registrert kan du få eingangskodar via SMS og dermed logge inn for å konfigurere ny telefon utan å kontakte IT-støtte.
Nullstille multifaktor
Nullstilling er nødvendig for å sette opp appen Microsoft Authenticator på ein ny mobil.
For nullstilling:
- Gå til tilgang.hvl.no og logg inn via ID-porten.
- Velg "katalog"
- Huk av "MFA-reset (for use when old phone is not available)"
- Velg "Be om" nederst på siden
- Huk av "Yes, I want to reset my MFA-settings"
- Velg "Be om"
Du vil ved neste pålogging måtte legge den til på nytt. Du finner guiden her.