Nordic Nurse Competence Study

Project owner

Western Norway University of Applied Sciences

Project categories

Applied Research

Basic Research

Project period

March 2019 - July 2031

Project summary

Studien Nordic Nurse Competence Study er ei nordisk undersøking av sjukepleiarar. Det overordna føremål med studien er å etablere kunnskap om korleis sjukepleiarar vurderer eigne kompetanse- og kunnskapsutfordringar, frå dei er nyutdanna og i løpet av dei 10 første yrkesaktive åra. Studien vert utført med same målemetodar i alle dei nordiske landa.

Studien kan gje informasjon om kompetanse- og kunnskapsutfordringar både i kommune- og spesialisthelsetenesta, innanfor somatikk og psykiatri og i ein nordisk kontekst. Informasjonen kan vere viktig både for utdanningsinstitusjonar og helsetenestene slik at ein kan utforme målretta kompetansehevande tiltak knytt til dei ulike sektorane i helsevesenet og for å utvikle t.d. vidareutdanningar innan profesjonsutdanninga. 

Method

Denne longitudinelle studien gjev tidsseriedata, der ein kan følgje langsiktige utviklingstendensar hjå sjukepleiarar. Studien kan avdekke stabilitet og endring ved å samanlikne data om kompetanse- og kunnskapsutfordringar på ulike tidspunkt og gje innsikt i ulike delar av helsesektoren. Informantane nyttar kartleggingsverktøyet PROFFNurse SAS ꓲꓲ.