Nordic Nurse Competence Study

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Anvend forsking

Grunnforsking

Prosjektperiode

Mars 2019 - Juli 2031

Prosjektsamandrag

Bachelorstudentar i sjukepleie frå alle nordiske land, vert rekruttert som informantar. Utvalet tek stilling til påstandar om sjølvopplevd kompetansenivå og behov for trening/ utdanning før dei tek til i yrket, og deretter seks månader etter bachelorutdanning.

Studien bidrar med informasjon som kan styrke opplæringstilbodet retta mot vaksne ved å fokuserer på behov for vaksenopplæring, kan gje informasjon om kvalitet på bachelorutdanningane i dei nordiske landa og bidra til berekraftig utvikling av samfunnet. Funn i prosjektet kan bidra til å utvikle eit relevant utdanningstilbod, og kartleggingsverktøyet bidrar til eit meir treffsikkert vidareutdanningstilbod retta mot vaksne.

Prosjektgruppas intensjon er å fortsette samarbeidet og gjennomføre ein longitudinell studie. Ved å følgje sjukepleiarar i 10 år, kan ein få innsikt i deira kompetansenivå og behov for trening/ utdanning for å stette krav til yrket, ta i vare personsentrert omsorg og nytte teknologi. Dette kan gje kunnskap om årsak til fråfall i yrket knytt til behov for vidareutdanning.