ORITE - Oracy in Teacher Education (forskergruppe)
Project owner
Western Norway University of Applied Sciences
Project categories
Applied Research
Project period
November 2016 - November 2028
Project summary
ORITE er ei tverrfagleg forskargruppe med medlemer frå norsk, matematikk, naturfag, IKT i læring og pedagogikk. Hovudfokuset i forskargruppa er den læringsfremjande, faglege samtalen. ‘ Oracy’ —munnlegkyndigheit—skildrar ein munnleg kompetanse som går ut over ferdigheita ‘å snakka’. ‘Oracy’ dreier seg om å kunna involvera seg i munnleg interaksjon, der situasjonen og konteksten for den munnlege kommunikasjonen, både fagleg og sosialt, og omsynet til deltakarane i kommunikasjonen er viktige rammefaktorar den talande må ta omsyn til. Oracy-omgrepet peiker også på at det munnlege språket er eit medium for læring.
Gruppa har mange teoretiske perspektiv, t.d. teoriar om kommunikasjon, læring, interaksjon, samtale, dialog og talesjangrar, om retorisk teori, om dramaturgi, om mediering av det munnlege gjennom det digitale osv. Diskursive perspektiv og -analyse er sentrale i forskinga. Diskursteorien og analysereiskapen ‘commognition’ utvikla av professor Anna Sfard er ein av dei sentrale teoriane gruppa arbeider med.
Lærarutdanningsinstitusjonar, skular og barnehagar er arenaer som har rådande diskursar. Målet med arbeidet i forskargruppa er å utvikla innsikt og forståing for arbeid med den faglege samtalen i mange ulike fag og kontekstar, og med korleis ein kan utvikla lærar- og barnehagelærarstudentane sin kompetanse til å initiera og leia slike samtalar