- Vi får eit strammare budsjett

Det seier HVL-rektor Berit Rokne om årets statsbudsjett.

I dag blei statsbudsjettet for 2020 lagt fram. Budsjettforslaget for HVL viser ein realnedgang.

Dette er statsbudsjettet i korte trekk for Høgskulen på Vestlandet:

  • Auke på 15 643 000 kroner som følge av opptrapping av nye studieplassar tildelte i perioden 2016–2019.
  • Auke på 451 000 kroner som følgje av 10 nye studieplassar knytt til Helse- og sosialfag med vekt på sjukepleie.

  • Auke på 63 550 000 kroner som følge av prisjustering.

  • Reduksjon på 4 656 000 kroner som følge av utfasing av midlertidige rekrutteringsstillingar i 2016.

  • Reduksjon på 1 550 000 kroner som følge av overføring av ansvar knytt til studieplassar til veilederutdanning for nyutdannede lærarar.

  • Reduksjon på 10 059 000 kroner som følge av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.


Rokne varslar ein stram budsjettsituasjon for HVL framover.

- Regjeringa fortset kutta knytt til avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma. I tillegg startar dei utfasing av dei midlertidige stipendiatstillingane våre. Det synes vi lite om. Desse burde vi fått omgjort til faste stillingar.

-I tillegg hadde vi forventa fleire nye stipendiatstillingar.

- Dei ti nye studieplassane til sjukepleie er bra og noko vi har visst om, men vi hadde og forventa studieplassar til teknologi og grønt skifte.

- Er det noko vi jobbar mykje med her hos oss på Vestlandet så er det omstilling, bærekraft, nyskaping og samhandling i  lag med samfunns- og arbeidslivet rundt oss. Dette går rett inn i strategien og universitetsambisjon vår.

Sjølv om HVL-budsjettet no passerer to milliardar kroner er Rokne tydeleg på at handlingsrommet strammes kraftig inn.

- Det blir krevjande i tida som kjem. Vi har ein realnedgang i budsjettet. Eg hadde forventa meir støtte til universitetsambisjonen vår, seier ho.

- Vi ser óg at meir og meir av midlane i sektoren blir konkurranseutsett, og det krev at vi jobbar godt framover med å få fatt i meir av desse pengane, både nasjonalt og ikkje minst internasjonalt.

Rokne fortel at ein del av statsbudsjettet er knytt til det som vert kalla resultatbasert utteljing.

- Her får HVL i 2020 eit kutt på om lag 6,6 millionar kroner. Det skuldast svingningar i til dømes i kandidat- og studiepoengsproduksjon, vitskapleg publisering, samt inntekter frå bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet.

- Her har vi som klart mål å betra oss i tida som kjem.
 
Les pressemeldingar frå Kunnskapsdepartementet

Les orientering om forslag til statsbudsjettet 2020 for universitet og høgskular

Les pressemelding frå UHR