Brun støy trendar på TikTok og gir håp for dei med ADHD

At ekstra støy kan få hjernar med for mykje støy til å fungere betre, verkar ulogisk, men no har det oppstått ei heile rørsle med millionar av følgjarar på TikTok. Forskinga bak er dominert av Göran Söderlund.

Låg summing, suset frå ei stor elv, ei virrande takvifte, ein tung regnskur, den søvndyssande brummelyden om bord på eit fly i jamn fart: om lag slik høyrest brun støy ut. No erklærer folk verda rundt at denne oppdaginga har gitt dei eit skikkeleg løft i kvardagen ved å hjelpe dei med å finne sinnsro, konsentrasjon og søvn. Her er noko av det som blir sagt i filmsnuttar på TikTok om lyden:

Det er som frisk luft i øyra mine.

Eg lukka auga og tenkte på ingenting.

Det er som å pakke hjernen min inn i eit mjukt pledd.

Trenden breier seg som eld særleg i ADHD-miljø, og hastagen #brownnoise på TikTok har i dag 96,4 millionar nedlastingar. Dette gler forskar Göran Söderlund ved Høgskulen på Vestlandet umåteleg.

Heile sin lærarkarriere og følgjande forskarkarriere har han vore lidenskapleg oppteken av ei bestemt gruppe personar: Barn med ADHD, lese- og skrivevanskar og andre læreproblem. Gjennom forskinga si har professoren i spesialpedagogikk funne at desse elevane kan få hjelp av kvit støy – kusina til brun støy, berre ein meir høgfrekvent versjon av lyden. Den er noko meir knitrande, som lyden frå ein flimrande tv-skjerm.

TikToksamlebilde.jpg

Fotocollage, skjermdumpar frå TikTok.

1,3 avspelingar av den same videoen

– Elevar med store merksemds- og læreproblem er folk som det går riktig dårleg for, både i skulen og seinare i livet. Dei er til dømes overrepresenterte i fengsla. Viss vi kan hjelpe dei med eit ikkje-farmakologisk og enkelt verktøy som støy, kan det gjere ein enorm forskjell for store grupper barn i heile verda, meiner han.

På ein topprangert TikTok-video av brukaren @NatalyaBubb, spelt 1,3 millionar gonger, ser vi den unge kvinna idet ho prøver ut brun støy for første gong. Først ser Natalya overraska ut. «Er dette verkeleg?» står det i ein bildetekst over det undrande fjeset hennar. Sidan: «Kvar blei det av alle tankane mine?»

Brun støy er kalla opp etter Brownsk rørsle - den tilfeldige rørsla av pollen i vatn, påvist av botanisten Robert Brown i 1827. Det er mykje det same som kvit støy, berre at her er lyden på dei mest høgfrekvente notane skrudd ned, noko som gjer brun støy djupare og meir behageleg å lytte til for dei fleste.

TheGuardian.JPG

Skjermdump frå www.theguardian.com

Intervjua av New York Times og The Guardian

Den veksande kulten kring fenomenet har den siste tida vekka merksemda til store medium som The New York TimesThe Guardian og The Washington Post. Söderlund har blitt intervjua av alle desse tre avisene og fleire om vitskapen bak dette, og opplever såleis aukande internasjonal merksemd for støyforskinga si. Alt for 20 år sidan oppdaga han samanhengen som ein del av doktorgradsarbeidet sitt, og han er også den som har forska mest på dette i verda. At så mange folk på nettet uttrykker ekstase over å ha funne hjelp gjennom brun støy, overraskar ikkje Söderlund i det minste:

– Folk med tilstandar som ADHD opplever store problem i kvardagen, og dei er villige til å prøve nærast kva som helst: å drikke bøttevis med grøn te eller skikkeleg ekle grønsaksjusar, til dømes! seier han.

– Med denne tilstanden opplever du eit enormt kaos i hovudet, nesten som om fyrverkeri stadig går av kring deg. Du klarer ikkje å konsentrere deg om noko fordi hjernen ikkje stengjer av for andre stimuli.

Og eit problem kjem sjeldan aleine: Ofte er ein og same person råka av fleire tilstandar som hindrar læring.

HåkonEide3.jpg
Illustrasjonsfoto: HVL/Falkeblikk

Dei som skulen svikta

I sine tjue år som lærar i den svenske grunnskulen, la Söderlund ekstra merke til barna som på ulikt vis strevde med å passe inn i skulesystemet. Nokre var hyperaktive. Nokre sleit med å halde merksemda gjennom lengre periodar av tid. Andre sleit med lesing og skriving. Han såg den bråkete guten som forstyrra alle, eller den ukonsentrerte jenta som sette seg bakst i klassen, skravla med sidemannen eller berre datt ut i skuletimane. Kva gjorde skulen så vanskeleg for dei?

– I Noreg og Sverige har vi kring 20-30 prosent som ikkje klarer å komme seg igjennom vidaregåande eller ungdomsskule med eit komplett vitnemål. Mange av desse greier heller ikkje å skape seg eit godt liv som vaksne. Dette tydar på at vi gjer noko fundamentalt feil i det norske og det svenske skulesystemet, meiner Söderlund.

Skulen har heilt enkelt mislykkast i oppdraget sitt med desse barna, meiner Söderlund. Han trur at det skandinaviske likskapsidealet har komme i vegen for å gje dei den hjelpen dei treng:

– Det har vore ein sterkt anti-psykiatrisk straum i lærarutdanningane våre. Vi skulle absolutt ikkje sette merkelappar på barn eller gi dei ein diagnose. Men ein diagnose er berre bra, om det betyr at barnet får hjelp.

illustrasjonsfotoneuron.jpg

Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Nevronar som snakkar dårleg saman

Då Söderlund gjekk frå skuleverket til akademia, var det nevrovitskapen han vende seg mot for å finne løysingar for elevar med merksemdsproblem. Gjennom det siste tiåret har han gjennomført over 15 mindre studium på effektane av kvit støy på barn med eller utan ADHD. Han har ikkje studert brun støy, men er viss på at effekten er mykje den same.

I eksperimenta hans gjennomførte barn testar mens dei lytta til kvit støy i hovudtelefonar. Det viste seg at barna som var hardast råka av merksemdsproblem og lærevanskar, også var dei som fekk best resultat gjennom å ha støy på øyra. Berre ei gruppe blant barna fekk dårlegare resultat: dei hyperaktive.

 – Dette kjem av at hyperaktive personar skapar sin eigen støy. Dei får hjelp gjennom å tromme med fingrane, bråke eller røre på seg, og treng ikkje meir, seier Söderlund.

Så på kva måte kan eigentleg støy hjelpe ein elev med ADHD eller lærevanskar til å konsentrere seg betre? På mange vis verkar resultatet temmeleg ulogisk – vi er vane med å tenkje at støy heller er til hinder for konsentrasjon. Når det tvert imot er til hjelp for enkelte, handlar det om korleis nevronane i hjernen snakkar saman – eller ikkje snakkar saman.

– For å lære noko nytt, må vi skape nye vegar i hjernen. Dette skjer gjennom at nevronane fyrer av signal til kvarandre under læringsprosessen. Men i hjernen til ein med ADHD, kjem signalet ofte ikkje fram, seier Söderlund.

lego.jpg

Mangel på dopamin svekkjer signala

Dopamin er nøkkelen til å forstå den komplekse nevrovitskapen bak funna hans. Dette er hjernens belønningssystem, med sterk påverknad på evna vår til motivasjon og konsentrasjon. Stoffet hjelper oss til å setje i gang med oppgåver, halde fram med dei og sluttføre dei. Personar råka av ADHD har eit lågt kontinuerleg dopaminnivå, dermed får dei problem med å halde på fokusert merksemd.

– Grunnaktiviteten og dopaminnivået i hjernen deira må forsterkast, og det kan vi gjere ved hjelp av støy. Støyen forsterkar signala mellom nevronane slik at den kjem over ein viss terskelverdi, noko som gjer signalet sterkt nok til å nå fram, forklarer Söderlund.

Nett som fargen kvit inneheld alle fargar på ein gong, inneheld også kvit støy alle frekvensar på ein gong. Dette aukar sjansen for at den som lyttar, får akkurat det nivået av stimuli hen treng i akkurat den rette augneblinken.

– Nokre elevar likar å høyre musikk mens dei jobbar, og effekten der er ikkje heilt ulik. Men då kan det ikkje vere ein harmonisk Mozart-trudelutt. Det må helst vere hardrock, sidan den musikken har massevis av energi over heile frekvensbandet, og såleis liknar kvit eller brun støy.

Meistringskjensle: avgjerande for læring

Gjennom si tid som lærar, har Söderlund sett kor høg kostnaden kan vere når barn som slit, ikkje får hjelpen dei treng. Dei med ADHD som blir seint oppdaga, kan ha blitt skjelt ut av læraren fem dagar i veka gjennom heile skuletida si.

Men det handlar ikkje om vond vilje frå barnet: Når du ikkje har noko filter i hjernen, er du rett og slett ikkje rusta til å sitte i eit klasserom med 26 andre barn gjennom ein heil dag. All stimulering utanfrå blir like sterk, og du klarer ikkje å skilje ut det som er viktig frå det som er uviktig.

– Det er veldig mykje vi utsett desse barna for ved ikkje å gi dei adekvat behandling. Meistringskjensla deira blir brote ned av det, seier Söderlund.

– I staden for å tenkje at ein viss type åtferd i klasserommet er bra eller dårleg, bør vi som lærarar heller spørje oss: Fyller denne åtferda ein funksjon for barnet? Om vi skjønar at det finst ein biologisk grunn til at barnet oppfører seg som det gjer, vil vi ikkje lenger dømme det som eit ulydig menneske.

skolesekker.JPG

Hjernen er formbar

I tillegg til adekvat medisinering for dei elevane som treng det, meiner Söderlund at bruk av støy trer fram som ein svært lovande metode. Sjølv er han i gong med nye forsøk der han utforskar korleis ulike støynivå kan vere til hjelp for personar med ulike typar læringsproblem.

– Hjernen er formbar. Du kan trene opp nye nervebanar. Så om du til dømes bruker støy jamleg gjennom eit år, kan det vere at du då har trampa opp nokre nye stigar i hjernen som gir varig, positiv endring? spør han.

– Støy kan bli eit godt hjelpemiddel for mange, men vi må finne ut meir om det.

Denne saka er også publisert på forskning.no.