Campus Bergen under sykkel-VM
Høgskulebygga, bibliotek og kantine er opne som vanleg under sykkel-VM i veke 38, men transportmønsteret og reisetid til og frå campus i Bergen vil vere endra.
Under sykkel-VM og i dagane før og etter VM, er det store endringar i trafikken i Bergen. Fordi både studentar og tilsette kan få vanskar med reisevegen, blir det ikkje ordinær undervisning på Kronstad eller i Møllendalsveien i veke 38. Informasjon om undervisning, får du av faglærar.
Vi tilrår at du nyttar kollektivtransport til og frå høgskulen. Bybanen vil gå som normalt, men endeholdeplass blir Nonneseter/Bystasjonen. Hugs å berekne god tid.
På desse nettsidene kan du finne informasjon frå arrangøren, om kollektivtrafikk og kommunale tenester under sykkel-VM 2017:
- Trafikkavvikling (stengde vegar m.m.): bergen2017.no
- Kollektivtrafikk: skyss.no/sykkel-vm
- Kommunale tenester: bergen.kommune.no/sykkelvm