HVL med sentral rolle i desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen

Dei nasjonale satsingane for etterutdanning av lærarar blir no bytta ut med ei ny ordning. Det nye er at skuleeigarane og lærarutdanningane i stor grad får definere satsingsområder sjølve. Vibeke Solbue og Bjart Grutle frå HVL får viktige roller som koordinatorar på landsbasis.

Kunnskapsdepartementet legg vekt på at lærarar og skular skal delta i meir langsiktige kompetansetiltak som involverer heile skulen.

Utdanningsdirektoratet satsar stort på den nye desentraliserte ordninga. På nasjonalt plan er budsjettet på 200 millionar kroner berre i år. Dette skal gradvis auke til 500 millionar etter kvart som satsingar som «Kompetanse for mangfald», «Ungdomstrinnet i Utvikling» og «Realfagskommunar» vert avvikla.

– Målet er langsiktig samarbeid

Satsingane har til no vore sentralt styrt frå Utdanningsdirektoratet. Evalueringar viser at nokre kommunar ikkje har kjent eigarskap til satsingane, noko som har vore ei utfordring.

No skal kommunane, i samarbeid med høgskular og universitet, sjølv analysere behova og bestemme kva for tiltak dei treng.

– Ein desentralisert ordning, der kommunane sjølve får vere med å bestemme, vil vere meir effektiv og tilpassa feltet. Vi skal jobbe tett med skulane og finne ut kva behov dei ulike regionane har, seier Vibeke Solbue.

Dette er ikkje ei satsing, dette er ein ordning som skal bestå, presiserer ho.

– Ordninga skal ikkje være knytt til bestemte fag eller fagområde og skal ikkje endrast frå år til år. Målet er å få til eit langsiktig samarbeid mellom kommunane og lærarutdanningane.

Organiserast i nettverk

Arbeidet blir organisert i kompetansenettverk i definerte regionar. Kvart nettverk skal bestå av representantar frå kommune, fylkesmann og UH-institusjon. Kompetansenettverka skal bli samde om prioriteringar og kva for prosjekt som skal bli gjennomført.

HVL har til no gjort avtale med til saman ti slike kompetanseregionar på Vestlandet og i Hallingdal. Arbeidet skal skje i samarbeid med campusa i Sogndal, Bergen og Stord. Osvald Lykkebø er studieprogramansvarleg for arbeidet i desse regionane.

Oppdrag som koordinator

I forbindelse med det omfattande arbeidet med kompetanseutvikling i grunnopplæringa har Utdanningsdirektoratet lyst etter ein UH-institusjon som dei kan knyte seg til og som dei vil samarbeide tett med over fire år.

HVL er tildelt oppdraget som koordinator for universitet og høgskular for perioden 2018-2021. Nokre av hovudoppgåvene i oppdraget vil vere å bidra til å samle og dele praksisfortellingar, vere fagleg dialogpartner for andre UH-institusjonar og arrangere nettverksamlingar.

For HVL vil førsteamanuensis Vibeke Solbue og førstelektor Bjart Grutle leie dette koordinerande oppdraget.

Mogelegheiter for HVL

I informasjonen frå Utdanningsdirektoratet heiter det at kollektive læreprosessar skal vektleggast slik at dette blir etterutdanning som famnar flest mogeleg lærarar.

Kompetansenettverka må ikkje bruke den geografisk næraste UH-institusjonen, og det er Fylkesmannen som skal fordele midlane basert på kva dei regionale kompetansenettverka er einige om. UH-institusjonane skal inngå i partnarskap med dei ulike regionane – slik skal ein unngå bestillar- og leverandørroller.

– I mange regionar er det allereie gode nettverk og samarbeidet vil heilt sikkert ta litt ulik fasong i dei ulike regionane. Det handlar om tradisjon og fagområde. Det er styrken med denne ordninga, seier Bjart Grutle.

Han er oppteken av at tilsette ved lærarutdanninga blir merksam på den nye ordninga og at HVL har inngått eit samarbeid med mange kompetanseregionar allereie

– Dette er kompetanseutvikling begge veier. Lærarane får fagfornying og dei HVL-tilsette får stimulanse og kunnskap i kontakt med praksisfeltet, seier Grutle.

Grutle og Solbue jobbar no fram mot det første førebudde nettverksmøtet som skal vere 28.mai. Dette er for alle som er koordinator på deira respektive universitet og høgskular.