Desse blir prorektorar ved HVL

Bjørg Kristin Selvik, Liv Reidun Grimstvedt og Gro Anita Fonnes Flaten er i dag tilsett som prorektorar for høvesvis utdanning, samhandling og forsking.

Ei viktig brikke i leiarkabalen ved HVL er no på plass, etter at styret i dag har vedteke å tilsetta tre prorektorar. Til stillingane ligg det også eit særskilt nærregionsansvar, det vil blant anna seia at dei tre rektorane skal ha hovudarbeidsstad i den nærregionen dei har ansvar for. Bjørg Kristin Selvik får denne rolla for nærregion Sogn og Fjordane, Liv Reidun Grimstvedt for Stord/Haugesund, og Gro Anita Fonnes Flaten for Bergen.

Det var åtte søkarar til stillingane. To av søkjarane, Anne-Grethe Naustdal og Erik Kyrkjebø, trekte søknadane sine i løpet av prosessen.

Bjørg Kristin Selvik (til venstre på biletet) er i dag tilsett som prorektor for nærregion Bergen. Ho har arbeidd på høgskulen sidan 1990, først som høgskulelektor. Seinare har ho hatt verv som prodekan, ho var tilsett som dekan for Avdeling for lærarutdanning frå 2003 til 2011, og ho var vald prorektor for utdanning i perioden 2011 til 2016. Ho kan også visa til fleire verv lokalt og nasjonalt. Selvik har hovudfag i rein matematikk, ho har elles også grunnfag i pedagogikk.

Liv Reidun Grimstvedt (i midten av biletet) er for tida prorektor i HVL for nærregion Stord/Haugesund. Ho var vald rektor for Høgskulen Stord-Haugesund frå 2011 og fram til fusjonstidspunktet. Grimstvedt har vore tilsett i høgskulen sidan august 2004, ho tok då til i stillinga som studiesjef, og frå 2007 til 2011 var ho dekan for Avdeling for lærarutdanning og kulturfag. Ho har og har hatt ei rekkje lokale og nasjonale verv. Grimstvedt har hovudfag i mikrobiologi. Ho har også ein del vidareutdanning knytt til leiing og til innovasjonsteori og ho er teken opp som PhD-kandidat ved Universitetet i Stavanger (2013), også knytt til innovasjon.

Gro Anita Fonnes Flaten (til høgre på biletet) er i dag direktør for campus Bergen. Ho var forskingsdirektør ved Høgskulen i Bergen frå 2014 og fram til ho var tilsett som høgskuledirektør i november 2016. Frå tidlegare har ho mellom anna erfaring frå stilling som forskingsleiar ved sjukehusapoteka og som forskingskoordinator ved Høgskolen i Bergen. Flaten er utdanna mikrobiolog og Dr.scient. frå Universitetet i Bergen. Ho er for tida deltakar i leiarutviklingsprogrammet til AFF, Solstrandprogrammet.

Rektor Berit Rokne er svært nøgd med å ha kome i mål med tilsettingane.
- Vi hadde svært gode søkjarar og ein grundig og god prosess. Med desse prorektorane får vi ei svært god leiargruppe, seier ho.

Om nærregionsansvaret seier utlysingstekstane dette:

«Prorektor er den øvste stadlege representanten for høgskulen i sin region og har ansvar for regional utvikling på vegne av rektor. Prorektor i regionen er høgskulen sin primære kontakt med nærings- og arbeidsliv, politiske organ og sentrale organisasjonar og har eit sjølvstendig strategisk ansvar for å bidra til å posisjonere og synleggjere høgskulen regionalt. Høgskulen skal vere ein viktig samfunnsaktør, ein leverandør av utdanning og forsking av høg kvalitet og ein attraktiv institusjon og samarbeidspartnar for privat næringsliv og offentlege verksemder.»