Sårbehandling via mobil kan bidra til gode resultat

Diabetes-fotsår er ein alvorleg og frykta komplikasjon til diabetes. Behandlinga av desse fotsåra er vanskeleg og kostbar og krev mykje av ressursane i spesialisthelsetenesta. No viser ein ny studie at oppfølging via mobil kan vere eit godt alternativ og supplement til tradisjonell behandling.

Diabetes-fotsår er vanleg hos pasientar som har hatt diabetes i fleire år. Oppfølging og behandling på sjukehus kan vere ei utfordring, fordi det å reise i seg sjølv er ei belastning for desse pasientane.

Oppfølging med mobil

Telemedisinske løysingar kan vere ein måte å følge opp pasientar. Telemedisin vil seie undersøking, overvaking og behandling av pasientar med system som gjer at tilgangen på ekspertisen er uavhengig av kor pasienten og eksperten er lokalisert. 

I dette forskingsprosjektet tok heimesjukepleia bilde av fotsåra og sendte det til eit ekspertteam på sjukehuset, som så vurderte behandling av såret. Heimesjukepleia fekk informasjon om vidare behandling på ein rask og enkel måte, utan at pasienten måtte vere fysisk tilstades på sjukehuset.

 – Denne behandlingsmetoden kan dermed redusere belastinga med lang reisetid til sjukehuset, medan ein samtidig opprettheld god kvalitet på sårbehandlinga, forklarar Hilde Smith-Strøm, stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet. 

Stipendiat Hilde Smith-Strøm Foto: Marthe Seljeset Berg-Olsen

Lovande resultat

Forskargruppa DiaBest ved Høgskulen på Vestlandet har saman med forskarar ved Stavanger universitetssjukehus og Universitetet i Bergen fått antatt ein artikkel om temaet i det anerkjente tidsskriftet DiabetesCare”The effect of Telemedicine Follow-up care on Diabetes-related Foot Ulcers: Acluster Randomized Controlled Non-Inferiority Trial” 

– Resultata er lovande, men det viktigaste er at vi har fått bekrefta at denne måten å jobbe på er likeverdig samanlikna med tradisjonell oppfølging i spesialisthelsetenesta, seier professor Marjolein Memelink Iversen, prosjektleiar for studien og medforfattar av artikkelen.

Studieresultata viste ikkje noko forskjell mellom gruppene når det gjaldt korleis såra grodde, talet på pasientar som døde under behandling eller kor nøgd pasienten var med behandlinga. Det var færre amputasjonar blant dei som fikk telemedisinsk oppfølging. Desse resultata er lovande for bruk av telemedisinsk oppfølging for pasientar med diabetes-fotsår.

Diabetes-fotsår. Foto: iStockphoto 

Relevant alternativ

Funna frå studien viser såleis at telemedisin kan vere eit relevant alternativ til dagens behandling av pasientar med diabetes-fotsår, og spesielt nyttig for pasientar med mindre alvorlege sår og for pasientar som bur langt frå sjukehuset. Telemedisinsk oppfølging har potensiale til å bli vidareutvikla med stadig enklare og betre telemedisinske løysingar.

Fortset arbeidet

Ved Stavanger universitetssjukehus, der studien har si forankring, held arbeidet med telemedisin fram. Ei samla prosjektgruppe og fagmiljø, både internt på sjukehuset og i kommunehelsetenesta, tilrår utvikling av tenestene. Arbeidet med ein pilot vil starte ved Hudavdelingen og Endokrinologisk poliklinikk så snart dei formelle og praktiske avklaringane er gjort.

Prosjektleiar Marjolein Memelink (HVL) og prosjektkoordinator Marie F. Hausken (SUS) her frå ein konferanse i Lisboa.