Ein høgskule med takhøgd

Rokne har lang fartstid i akademia, og mykje har skjedd med høgare utdanning sidan ho starta si utdanning til sjukepleiar i 1974 ved Haukelandsbakken sjukepleiarhøgskule.

Sidan tok ho hovudfag i pedagogikk, og ho har også grunnfag i sosiologi og psykologi på samvitet. Berit Rokne var òg den første i Norge som tok doktorgrad i sjukepleievitskap.

Bergensaren, som er busett på Os, har lang fartstid på UiB i fleire ulike funksjonar, som kjent både som viserektor og prorektor. CV-en inkluderer også ei kort fortid på HiB, som studiesjef frå 1996 til 1999 – like etter høgskulefusjonane i 1994.

Gode læringsmiljø

Den siste tida har ho arbeida som professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved UiB.

– Kvifor ønskte du å søkje jobben som rektor ved HVL?

– Utdanning er viktig og naudsynt for utviklinga til samfunnet. Dei unge som satsar tid og pengar på å ta ei utdanning må vere trygge på et det er ei god investering.

– Då synest eg det er spanande å få vere med å leggje til rette for utdanningsløp med høg fagleg kvalitet og gode læringsmiljø.

– Dette inneber også praksisnær forsking i samarbeid med yrkesliv og arbeidsliv. Her har den nye høgskulen eit godt utgangspunkt.

Ho innrømmer at ho tenkte seg godt om før tok avgjerda om å søkje, men at ho meinte ho har erfaring som kan komme den nye høgskulen til nytte.

Kunnskap og klokskap

– Det er klart at det er mykje nytt her. Men eg meiner jo at eg ikkje er fri for føresetnadar, det er ikkje ei ny verd. Feltet er spanande, og eg har i mi tid opparbeida meg mykje kunnskap, og forhåpentlegvis også klokskap.

– Kva trur du kan bli effekten av å fusjonere?

– Eg trur det vil vere ein fagleg gevinst, under føresetnad av at ein aktivt må ønskje å utvide fagfellesskapet sitt. Dette vil komme studentane til gode, og vil føre til at dei møter høgt kompetente fagleg tilsette i ei større fagleg breidd – om vi klarar å bruke den breidda.

Ho ser òg ein gevinst i moglegheita for å få sterkare administrative funksjoner ved at ein også her får eit større fagleg fellesskap.

– Mange vil nok seie at «small is beautiful», men slik som landskapet ser ut i dag trur eg det er ein fordel å vere stor. Då kan vi hevde oss betre. Det gjeld òg om vi skal nå universitetsambisjonen. Då treng du ei fagleg breidd, og du treng gode administrative funksjoner som støttar opp den faglege verksemda. Det handlar om å ha ein høgt kompetent kritisk masse, og eit velsmurt system.

Høgt ambisjonsnivå og vilje til å strekkje seg

– Kva inntrykk har du hatt av dei tre høgskulane når du no har sett oss «utanfrå»?

– Eg kjenner jo HiB best, det må eg berre innrømme. Det er naturlegvis på grunn av geografisk nærleik og gjennom samarbeid på fleire ulike nivå. Her kjenner eg til at det er høge ambisjonar, både innan utdanning og forsking, og det gjeld nok dei andre to også.

– Høgt ambisjonsnivå og vilje til å strekkje seg for å nå måla er i det heile teke noko eg vil trekkje frem som kjennemerke ved dei tre høgskulane. Her er det noko å byggje på, og eg trur at det er dette ein har sett når ein valte å gå inn for å fusjonere:

– Her kan vi få til noko meir en det vi ville klart kvar for oss.

Ho ser at det sannsynlegvis også finst ulike utfordringar som ho ikkje kjenner til, og som vil dukke opp på vegen.

– Mitt utgangspunkt er uansett at eg har lyst å møte alt dette med eit positivt sinn. Eg vil bli betre kjent og sjå på dei moglegheitene som finst.

Skape gode arenaer

– Kva vil du seie til dei som er bekymra for at dei små campusane skal forsvinne litt i den store høgskulen?

– Eg vil seie det at er vi éin institusjon, så er vi éin institusjon. Her må leiinga rett og slett vere flink til å få ein god dialog med dei ulike miljøa slik at vi kan finne gode løysingar i lag, og at alle føler seg godt integrert og inkludert.

Ho trur òg at det er viktig å møtast fysisk, ikkje berre via digitale hjelpemiddel.

– Det er viktig å møtast, og å ha gode og ulike arenaer for å møtast. Vi kan gjere oss god nytte av digitalisering og teknologi, men vi må nok også ha litt forflytting.

– Kva blir det viktigaste for deg å ta fatt i no framover?

– Det første blir å samle dei tre institusjonane til éin institusjon, og å få på plass leiarteamet – her blir det jo ein mellomfase fram til august.

Rokne vil og bruke tida si godt på å bli kjent med den nye institusjonen.

– Eg vil bli kjent med alle nærregionane, med dei tilsette og studentane. Rett og slett skaffe meg oversikt. Kva er likt, kva er ulikt, og kva har vi til felles? Vi må ha takhøgd, men vi må være eitt lag. Eit godt lag.