
Slik får du ein god studiestart!
Ny? Nervøs? Nysgjerrig på kva som ventar deg? Vi gir deg 10 tips for ein god studiestart!
Å komme til ein ny stad der du ikkje kjenner nokon, er både spennande og utfordrande. Det å vere ny er ubehageleg, men hugs at mange rundt deg er i same situasjon, og har lyst til å bli kjend med deg!
Å bli student er eit nytt kapittel der du må gi deg sjølv lov til å prøve og feile. Alt vil ikkje gå på skinner, og det er mykje du skal finne ut av. Det er umogleg å vite kva som er rette vegen, du må berre ta sjansen, hoppe ut i det, og justere kursen etter kvart.
Ti tips for ein god start ved HVL
- Kom raskt i gang sosialt. Delta i fadderveka. Meld deg inn i ein studentorganisasjon. Om du finn ut av at det er feil for deg kan du byte seinare, men ikkje sit og nøl på sidelinja.
- Kom raskt i gang fagleg. Få med deg alle forelesingar heilt frå starten, og begynn å lese med ein gong.
- Lag eit budsjett og lev etter det. Det smakar ikkje godt med nudlar til middag kvar dag på slutten av månaden.
- Få nok søvn og mat. Det er også greitt med aleinetid og avslapping! Du treng ikkje få med deg absolutt alt som skjer - då blir du berre utslitt.
- Logg av! Studiestartvekene blir blant dei mest sosiale vekene du vil oppleve i livet, og då er det viktig å vere fullt ut til stades. Snapchat, Instagram og TikTok kan vente.
- Vit at det er heilt normalt med ubehagelege følelsar i starten av noko nytt: einsemd, tvil, frykt. Mellom anna er det veldig vanleg å lure på om du har valt feil studium. Denne tvilen kan komme i bølgjer - særleg i forkant av eksamen og innleveringar er det mange som begynner å lure.
- Engasjer deg! Dess meir du legg inn, dess meir får du tilbake. Det er ikkje berre studiet og karakterane som tel når du søker jobb.
- Utforsk studiestaden din!
- Oppsøk gode samtalepartnarar dersom du treng nokon å snakke med. Vi tilbyr studierettleiing på alle campusane våre, og Studentsamskipnaden har ei psykisk helseteneste.
- Tolmod er livets dyd. Vit at det meste ordnar seg over tid!
Vi ønskjer deg velkommen til oss, og håpar du får ei god studietid ved HVL!