Går vidare i arbeidet med ny fakultetsstruktur

HVL-styret går vidare i arbeidet med å få fram eit forslag til ei mogleg etablering av eit integrert fakultet bygd på Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) og Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN).

Til grunn for styresaka: Vurdering av integrasjon FIN-FØS, låg det føre ein rapport utarbeidd av ei partsamansett arbeidsgruppe. Den peikte på fleire fordelar enn ulemper og viste til potensiale for å styrka den faglege og økonomiske berekrafta for fagmiljø og administrasjon i eit nytt integrert fakultet.

Rektor Gunnar Yttri refererte til rapporten i si innleiing til saka, og fleire medlemmer i styret ga ros til prosjektgruppa for å ha levert ein balansert og grundig rapport.

Eit klart fleirtal i styret stilte seg bak rektor sitt framlegg i saka om å gå vidare i arbeidet. Styret ga og signal om viktige omsyn som no må ivaretakast. Arbeidet må haldast avgrensa og langs dei linjer som prosjektgruppa har trekt opp. Vidare må ein redusere risiko, sikre medverknad, ta inn studentperspektivet og ha særskilt merksemd på å ivareta fakultetsadministrasjon.
 
Styret fekk undervegs i møtet også presentert ei førebels skisse til mandat og tidslinje for arbeidet inn mot styremøte 27. april som vert på campus Stord. På dette styremøte skal det ligge føre eit avgjerslegrunnlag for ein mogeleg integrasjon av dei to fakulteta. 

I avgjerslegrunnlaget vil det bli utvikla framlegg til ein instituttstruktur og ei administrativ organisering i eit integrert fakultet. Arbeidet vil bli vidareført i den partsamansette prosjektgruppa, og mandatet vil bli drøfta med hovudtillitsvalde kommande veke.


Rektor Gunnar Yttri i HVL.