Pengane styrer grøn omstilling på Vestlandet

Vestlandet ligg kanskje fremst i verda når det gjeld grøn omstilling i maritim næring. God tilgang på vatn- og vindkraft gjer at elektriske båtar kan vere billegare å drifte enn båtar som går på drivstoff.

Svein Gunnar Sjøtun, som er tilsett på Mohn-senteret ved Høgskulen på Vestlandet, disputerte denne våren med ei avhandling mellom anna om elektrifisering av ferger. Sjøtun meiner at den grøne omstillinga i maritim næring er resultat av ei ønska utvikling.

– Ofte kolliderer økonomisk vinning med berekraft, men når det gjeld til dømes ferger er det faktisk økonomisk å velje grønt, seier Sjøtun.

– Vestlandet har vore med på å drive dette fram. Både teknologisk kompetanse, innovasjonskultur og risikovillige leiarar har gått foran som drivarar. Noreg kan bli verdsleiande på elektrifisering av transport, seier Sjøtun.

Vestlandsk batteri-innovasjon

Fylkeskommunane i vest har saman med Statens vegvesen sette mange miljøkrav i anboda sine. Dette har ført til at dei som har elektrifisert fergene sine har vunne anboda.

– Statens Vegvesen har ansvaret for europavegar og riksvegar, og dersom fergen går over desse, set staten krav. Deretter er det fylka som stiller sine krav. Hordaland har, saman med Trøndelag og Møre og Romsdal, vore først ute med omstillinga.

I avhandlinga har Sjøtun følgt ulike fyrtårnsprosjekt i vestlandsregionen, i tillegg til den generelle utviklinga i næringa. Eit av desse prosjekta er bilferga Ampere, verdas første elektriske ferge av sin storleik. Ferga tar 360 passasjerar og går mellom Lavik og Oppedal i Sogn og Fjordane. Sjølve batteria til ferga kjem frå Corvus Energy, eit selskap som har etablert seg i Bergen som følge av vekst i den maritime næringa.

– Dette er spesielt fordi innovasjon innan batteri har blitt drivet av bilindustrien, og ikkje maritim næring, fortel Sjøtun.

Offentlege innkjøp har sikra grøn omstilling

Ingeniørmiljø, næringsklynger og bedrifter i regionen har vore aktive med å ta ei rolle i den grøne utviklinga, i dialog med naturvern-organisasjonar.

– Ingen har gått og venta på at elektrifiseringa skulle skje. Det har skjedd på grunn av offentlege innkjøp, og fordi næringa sjølv har pusha miljøkrava.  

Sjøtun forklarer at Ampere har vore ein sterk drivar for endring i offentlege innkjøp.

– Batteriteknologi har blitt vinnaren, fordi miljøkrava, saman med pris, står sentralt i anboda. Teknologien kan spare reiarlaga for store utgifter. Når dei offentlege innkjøpa sikrer miljøet, vil du automatisk tape om du kjem med ei dieselferge. Det har igjen ført til at næringa sjølv ønsker å velje og å drive fram ny miljøteknologi.

Meir batteridrive næringar i framtida

Batteridrive ferger løner seg økonomisk fordi prisnivået på fossilt drivstoff ofte er høgare enn straumprisar. I alle fall gjeld dette for Noreg, der vi har god tilgang på vasskraft og fornybar energi.

– Batteria er dyre å installere, men driftskostnadane er billegare enn ved fossilt drivstoff. Det blir faktisk ein måte å spare pengar på, seier Sjøtun.

Elektrifiseringa har også nådd både flybransjen og offshore-næringa, men Sjøtun understrekar at det ikkje alltid er heilt problemfritt.

– Forskjellen på elbil og ferge er at ferga må gå heile tida. Sidan ferga må følge vanlege rutetider, må ho lade ganske fort mens ho står til kai. Her ligg mange av utfordringane. Ampere har fått ein batteribank på land, og det har vore nokre tekniske problem i oppstarten. Det vil nok ta veldig lang tid før dei store ruteflya blir elektriske.

Grøn omstilling til trass, ikkje alle vil seie at bruken av batteri er hundre prosent etisk.

– Ja, det er jo dette med at kobolt, som er eit råstoff brukt i batteri, ofte er utvinna frå gruver i Kongo. På ein ikkje heilt etisk forsvarleg måte. Det finst kobolt i andre land også, inkludert i Noreg, men det vil kanskje vere mogleg å lage batteri utan kobolt på sikt.

Eit eksporteventyr

Sjøtun trur likevel at framtida er batteridrive. Stadig fleire næringar i Noreg arbeider med grøn omstilling og ny teknologi.

– Elektrifisering kan bli eit eksporteventyr. Hydrogen er neste steg i maritim næring, med hydrogendrive ferger, hurtigbåtar og til og med cruiseskip. Når EU sine nye og strenge miljøkrav for skipsfart kjem, er vi allereie godt førebudd på å ta store delar av marknaden.

Saka blei først publisert i forskning.no

Avhandlinga kan du lese her