HVL-forskar i nasjonalt utval

HVL-forskar Oscar Tranvåg er utpeikt til å delta i eit nasjonalt utval som skal gi råd til styresmaktene om korleis ein bør jobbe med kvinnehelse og helse i eit kjønnsperspektiv. Utvalet skal levere sine råd til regjeringa i september 2022.

Førsteamanuensis Oscar Tranvåg, gratulerer med oppnemninga til å delta i det regjeringsoppnemnde utvalet! Kva betyr det for deg å bli utpeikt til å delta i eit slikt utval?

- Det er kjekt og det opplevast som ei anerkjenning. Eg set veldig stor pris på det. Det utvalet skal jobbe med er innanfor eit tema eg har arbeidd med ein del år, og er nok bakgrunnen for at eg vart invitert inn, seier Tranvåg.

Ei av regjeringas helsesatsingar

Tranvåg fortel at han allereie har delteke på fleire topp-politiske møte i forkant av det regjeringsoppnemnde utvalet. På desse møta har blant anna statsminister, helseminister og likestillingsminister delteke.

På desse møta har HVL-forskaren bidratt med sin fagkunnskap og forsking.

Feltet kvinnehelse og helse i eit kjønnsperspektiv, som utvalet no skal gi råd til regjeringa om, er ein del av regjeringa sine helsesatsingar.

Kunnskap om eldre kvinners helse og livssituasjon

Kva blir di oppgåve i utvalet?

- Eg er nok henta inn fordi eg har arbeidd med kunnskapsutvikling om eldre kvinners livssituasjon og helse, og då særleg deira psykososiale helse. I tillegg er eg oppteken av kvinners psykiske helse og rusavhengige kvinners helse. Dette er også tema eg underviser i ved høgskulen, fortel Tranvåg.

Utvalet har til saman 15 fagpersonar frå ulike profesjonar som skal bidra med ekspertise frå sine felt.

Skal sjå på alle livsfasar og avdekke manglar 

Som metode vil utvalet gå i gjennom kvar livsfase og sjå på dei ulike utviklingstrekka som pregar kvar fase frå ungdom, midt i livet og til alderdom. Målet er å avdekke kunnskapshol.

I vurderinga av dei ulike fasane gjennom livsløpet  skal utvalet greie ut om behovet for kunnskapsutvikling og ei styrka satsing på kvinnehelse og helse i eit kjønnsperspektiv innan folkehelse, førebygging, utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging  i helse- og omsorgstenestene, og undervisningssektoren.

Korleis er kvinners helse i dag og kva kjønnsskilnader står vi overfor?   

Utvalet har fått to hovudspørsmål dei skal svare på:

  1. Korleis er kvinners helse i Norge i dag? Kva utfordringar står vi overfor og risikofaktorar? Og kvinners bruk av helsetenester.
  2. Kjønnsskilnader og om denne sida er tilstrekkeleg avdekka eller forstått. Korleis kan helsetenestene sikre likeverdige tilbod uavhengig av kjønn?

Oscar Tranvåg har jobba med helsefagleg forsking og utdanning i over 20 år. Han ser fram til å arbeide med desse to hovudspørsmåla.

- Det blir interessant å finne ut kva område vi har gode kunnskapar om når det gjeld kvinners helse, og kva område som er prega av kunnskapshol. Det blir óg spanande å sjå på om kjønnsskilnader i helse er tilstrekkeleg avdekka og forstått, eller om  kjønnsperspektivet i for liten grad er vektlagt og difor bør styrkast.