HVL søkjer om dispensasjon frå karakterkrav på sjukepleie

Høgskulen på Vestlandet har søkt Kunnskapsdepartementet om dispensasjon frå karakterkravet i norsk og matte for opptak til bachelor i sjukepleie.

- Det er mangel på sjukepleiarar og kommunar i heile landet rapporterer om rekrutteringsproblem. Det hastar å utdanne fleire, og vi er klare til å gjera det, seier Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet.

For å kunne starte på bachelor i sjukepleie, må ein ha 3 i norsk og matematikk frå vidaregåande skule. Opptakskravet blei innført i 2019, og denne veka søkte Høgskulen på Vestlandet (HVL) om dispensasjon frå dette kravet.

Bilete: Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet.

Mister mange potensielle studentar

HVL har ei av landets største sjukepleiarutdanningar. Kvart år utdannar høgskulen over 500 nye sjukepleiarar som er klare til å gå ut i arbeidslivet, men talet kunne vore høgare.

HVL ser ein klar nedgang i både talet på søkjarar og kvalifisert søkjarar til utdanninga frå 2018 til 2019, som er samanfallande med innføringa av karakterkravet. Også etter 2019 er det nedgang i talet på kvalifiserte søkjarar, med noko unntak under pandemien.

Dersom kravet var generell studiekompetanse, slik det var før 2019, ville 125 fleire vært kvalifisert til å begynne på sjukepleie ved HVL i 2023. Dette er eit forsiktig anslag, basert på dei som hadde HVL som fyrsteval. Dersom ein tar med det totale talet på søkjarar til sjukepleiarutdanninga ved høgskulen, er talet nærare 300.  

- Vi mister mange potensielle studentar på grunn av karakterkravet. Særleg for dei mindre campusane våre i Førde og på Stord, er det alvorleg, og vi er bekymra over nedgangen vi ser her. Det er og i distrikta rekrutteringsutfordringane til helsetenestene er størst, seier Naustdal.

Utan karakterkravet kunne ein hatt 16 fleire studentar i Førde og på Stord hausten 2023, og enda fleire i Haugesund og Bergen.

Kompetansen skal være like god

Naustdal er klar på at det er fleire grunnar til at vi ser ein nedgang i talet på søkjarar til sjukepleiarutdanninga, og at ein må sjå på fleire tiltak.

- Å fjerne karakterkravet vil ikkje løyse alle rekrutteringsutfordringane, men det er ein plass å begynne. Det er viktig å snu alle steinar, slik at vi gjer det vi kan for å auke rekrutteringa til denne viktige utdanninga. Utfordringa med mangel på kvalifisert helsepersonell vil berre bli større i åra som kjem. Det er no vi må handle, seier ho.

Naustdal understrekar at kompetansen som sjukepleiarane går ut med, skal være like god, sjølv utan karakterkrav.

- Vi klarte å utdanne gode sjukepleiarar før 2019, og er sikker på at vi skal klare å lære studentane det dei trenger for å være godt forberedt til arbeidslivet som ventar dei, seier ho.

Støttar Opptaksutvalet som vil fjerna karakterkravet

Å fjerne karakterkravet var eit av forslaga til Opptaksutvalet som leverte ei offentleg utgreiing i desember i fjor. Utvalet hadde ein gjennomgang av regelverket for opptak til universitet og høgskular. Dei anbefalte at generell studiekompetanse skal vere grunnlag for opptak til høgare utdanning.

- Vi støttar Opptaksutvalet og håpar regjeringa vil følge opp utvalet sin anbefaling og fjerne karakterkravet. I påvente av det ynskjer vi dispensasjon frå kravet slik at vi kan utdanne fleire sjukepleiarar og tilføre kommunane i regionen sårt tiltrengt kompetanse, seier Naustdal.

Dersom HVL får innvilga dispensasjonssøknaden vil høgskulen følgje opp med analysar av effekten av dette, som og vil kunne være nyttig for resten av universitets- og høgskulesektoren.