Katrine Sele er tildelt Språkprisen

Katrine Sele er tilsett i Avdeling for kommunikasjon, og ho fekk i dag tildelt Språkrådet sin pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen fekk ho for bøkene Jølster hotell og Einars bok.

– Dette betyr enormt mykje! Prisen er jo et teikn på at bøkene mine har nådd fram, og at det eg skriv betyr noko, seier Sele.

Kva er viktig for deg i bøkene dine?

– Eg er oppteken av at stemmene til dei eg skriv om blir løfta fram og sett på som viktige. Eg er litt på jakt etter nokre av dei store spørsmåla i livet, som korleis tole store tap, og korleis føle seg heime i verda.

Sele skriv om menneske med eit litt anna utgangspunkt enn dei fleste, og som har hatt spesielle opplevingar.

I Einars bok frå 2021 skriv ho om ein liten gut som berre vart fire og eit halvt år. I boka har ho prøvd å få fram store hendingar i eit barns liv på ein måte der ein ser at dei små tinga er store. Hendingar som å halde ein frosk, ete is i vinden og å klare å teikne ei teikning når ein på grunn av sjukdom ikkje har mykje krefter att i det heile.

Boka Jølster hotell frå 2017 er ein biografi om ni flyktningar. Her fortel Sele om personar som heldt til på det tidlegare Jølster hotell, som var asylmottak frå 2010 til 2017.

Innblikk i lagnaden til menneske og i tilværet sjølv

Språkrådet skriv i grunngjevinga for nominasjonen:

"Som forteljar tek ho aldri meir plass enn historia krev av henne. Nennsamt lèt ho særs ulike stemmer kome til orde. Ho gjer lite av seg, samstundes som ho gjer mykje: I eit ledig og i beste forstand enkelt språk som vender seg til lesaren, gjev ho oss innblikk ikkje berre i lagnaden til andre, men i tilværet sjølv."

Vidare står det i grunngjevinga:

"Ho er ein uredd og følsom forteljar. Ho har eit skarpt blikk for detaljar, men og for den høge himmelen over livet til enkeltmenneska."

Vi gratulerer så mykje med Språkprisen!