Korleis går det etter fusjonen?

Det var hovudspørsmålet frå ministeren då ho besøkte Campus Sogndal 28. juni. Iselin Nybø møtte ein høgskule som jobbar med å forme seg sjølv, mellom anna gjennom å dyrke nære band til samfunnet rundt seg.

Ministeren for forsking og høgare utdanning bruker den første tida si i regjeringa på å bli kjent med sektoren, og ho var spesielt interessert i korleis fusjonen utspelar seg på ulike campus.

- Vi veit at samanslåing er ganske altoppslukande, men så er det viktig at ikkje alt handlar om struktur heller, sa Nybø i møte med leiinga.

Det gjer det ikkje, kunne rektor Berit Rokne forsikre om. Ho fortalte om ei tid der HVL jobbar mykje med strategi, og med å forme seg sjølv som ein særeigen institusjon i eit heilt nytt utdanningslandskap. Og ein av dei viktigaste brikkane i identiteten til den nye høgskulen er det nære samspelet med samfunnet rundt.

Tett på naturen og næringslivet

Samspel, berekraft og nyskaping er viktige omgrep under strategidiskusjonane som går føre seg i HVL for tida. Dette blei også hovudtema under møtet med ministeren, der fleire forskarar ved Campus Sogndal presenterte kva dei jobbar med. Institutt for natur- og miljøvitskap er eitt av dei sterke forskingsmiljøa i Sogndal, og eit hovudtema for fagfolka der er å kombinere naturvitskap og teknologi med samfunnsvitskap. 

- Vi vil at studentane våre skal løfte kunnskap om natur og klimaproblematikk inn i samfunnsplanlegginga, sa instituttleiar Tarald Seldal.

Førsteamanuensis Mette Gillespie fortalde om den store fordelen ved å forske på brear, klimaendringar og geofare i eit fylke som Sogn og Fjordane. Forskarane og studentane har høve til å studere fenomen som skred, flom og issmelting på nært hald. Undervisninga er prega av hyppige ekskursjonar, mellom anna til Jostedalsbreen – og internasjonalt. Dei har hatt feltarbeid i Grønland og Chile. I tidsskriftet Nature publiserte dei nyleg ein artikkel om at isen i Antarktis no smeltar fortare enn nokosinne.

Fornybargruppa, eit tverrfagleg miljø som jobbar med fornybar energi, framheva også nærleiken til kraftbransjen lokalt som eit stort fortrinn for utdanninga og forskinga, i eit fylke som er langt framme på fornybar energi. Berekraft og omstilling er blant dei viktigaste temaa for denne gruppa. Det same gjeld miljøet kring den nye mastergraden i «Climate change management» - den einaste av sitt slag i Noreg.

Erik Kyrkjebø, leiar for det seksårige forskingsprosjektet Teknoløft, fortalde om arbeidet med å gje heile fylket eit nødvendig løft innan teknologi og digitalisering. Dette skjer i tett samarbeid med næringslivet. Meir enn tjue bedrifter er så langt med på prosjektet, og talet aukar.

- I lang tid har fokus for Sogn og Fjordane vore at folketalet må auke. Men kanskje bør vi heller gjere grep for å bli meir kompetente – så vil fleire folk få lyst til å komme hit, sa Kyrkjebø.

Tett på skule og barnehage 

Sogn og Fjordane er kjent for sterke skuleresultat, og her framhevar politikarar og skulemiljøet lokalt det tette samarbeidet med høgskulen som ein viktig faktor i dette. Eitt av dei store forskingsløfta dei siste åra har vore prosjektet ASK – Active Smarter Kids, som undersøkte effekten av å introdusere ein time med fysisk aktivitet kvar dag for skulebarn. No vekser prosjektet vidare, og professor Geir Kåre Resaland jobbar tett med skulane for å utvikle pedagogiske verkemiddel for å flette fysisk aktivitet inn i undervisninga. Planen er å spreie denne metoden til alle skular i landet.

Minister Iselin Nybø fekk også høve til å få innblikk i korleis fagfolka innan barnehagelærarutdanninga jobbar med barnehagane i Sogndal. Følgjet frå departementet, ordførar Jarle Aarvoll, rådmann Jostein Aaneland og leiarar frå HVL tok turen innom Kyrkjebakken barnehage. Den har vore prega av eit sterkt innslag av barn frå andre kulturar, og dette har blitt forska på, mellom anna gjennom eit doktorgradsprosjekt. Forskarar frå idrett har dessutan vore der for å måle det fysiske aktivitetsnivået til barna og dei tilsette i eit omfattande studie som skal sjå på fysisk aktivitet blant yngre barn.

- Den veka følte vi at vi måtte trene litt ekstra! lo tenesteleiar Karin Johansen.

Til hausten skal Sogndal kommune bygge ein ny utdanningsbarnehage. Den blir utforma med tanke på samarbeid med fagfolk frå høgskulen. Barnehagen skal bli eit bindeledd mellom akademia og praksis, og er ein nyvinning innanfor forsking og utvikling på dette feltet.

Ønsker ei evaluering av reforma

- Det er rom for fleire enn Oslo Met å hevde seg på profesjonsutdanningar, sa Iselin Nybø i møte med HVL-leiinga. 

Noko rektor Berit Rokne var samd i, og forsikra at HVL hadde til hensikt å gjere. Høgskulen er blitt ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, og større enn fleire av universiteta. No jobbar institusjonen målretta for å få universitetsstatus.

- Landskapet innan høgare utdanning er heilt annleis no enn før alle fusjonane, og vi jobbar med å finne vår plass i det. I samband med dette ønsker vi velkommen ei evaluering av strukturreforma, sa Rokne.