Kva gjer du om det blir streik?

Dersom partane i forhandlingane i staten ikkje blir einige, kan 112 tilsette ved HVL bli tatt ut i streik frå fredag 24. mai. Eksamensavviklinga vil likevel gå som normalt denne dagen, enten det blir streik eller ikkje.

Ein eventuell streik vil ikkje få store konsekvensar ved HVL 24. mai. Sjølv om det skulle bli streik, vil mykje av drifta av HVL gå som normalt og alle bygga vil vere opne.

Skal du ha eksamen 24. mai, skal du møte til eksamen som normalt. I veke 22 kan nokre eksamenar bli råka, og alle studentar som dette gjeld vil få direkte varsel frå høgskulen om korleis dei skal innrette seg om så skulle skje.