Møter framtida med teknologi og programmering

Signala er krystallklare. Framtida blir meir digital enn notida. Teknologi og koding susar inn som valfag i fleire og fleire skular. I desse dagar riggar HVL til ei flettande ny vidareutdanning i Teknologi og programmering. Den kan gi lærarar og barnehagelærarar ei god førebuing for framtida.

Den nye vidareutdanninga har rot i «IKT i læring»-miljøet på campus Stord. Her har dyktige fagfolk arbeidd med datamaskinar, læring, forsking, programmering og digitalisering i 35 år.

Og som ein av få høgskular i landet tilbyr HVL frå hausten av ei fersk, fleksibel og samlingsbasert vidareutdaning.

I fjor starta departementet opp eit treårig forsøk med programmering som valfag på ungdomstrinnet. 146 skular i 53 kommunar deltek i forsøket. Og, organisasjonen «Lær Kidsa Koding!» breier om seg.

- Teknologi og programmering er eit fag i vekst, både i skulen og i frivillig sektor. I Europa er dette allereie teke inn som fag i mange læreplanar, og no kjem me etter også her i landet, seier fagansvarleg og førstelektor Anders Grov Nilsen i HVL.

Tre menn ser på teknologi

Med på laget har han Tjerand Silde med gode erfaringar frå Lær Kidsa Koding og førstelektor Svein Ove Lysne med lang røynsle frå HVL campus Stord.

- Med dette studiet er du i forkant og godt førebudd på det som me ser kjem.

Studiet på campus Stord er praktisk retta, du får kunnskap om ulike digitale teknologiar og programmeringspråk, og du får læra kva som er god bruk av teknologi og programmering i klasseromet.

- Studentane skal óg læra seg å laga enkle dataprogram. Her blir det lego, robotar, 3D-teknologi og mykje meir. Alt me gjer av praktisk læringsarbeid skal studentane kunne prøva ut i klasserommet.