Når tinga snakkar saman – og det går gale

Kva skjer når kontrollsystem i industrien ikkje kommuniserer fort nok? Ingeniørstudentar frå Førde delte æra når forsking på dette temaet nyleg fekk positiv merksemd i Frankrike.

To tilsette og fem ingeniørstudentar frå Førde fekk nyleg gjeve utmerkingar på ein teknologisk konferanse i byen Hendaye i Frankrike - International Conference on Computational Collective Intelligence. Artikkelen deira var ein blant 5 ut av 120 som blei nominert til beste vitskaplege artikkel. I tillegg blei forskarane frå Førde også nominert til beste sesjon under konferansen, i lag med samarbeidspartnarane frå Silesian University of Technology i Gliwice, Polen.

Hovudtema under konferansen var det som kallast «The Internet of Things». Kort sagt kan dette forklarast med nettverk der ting snakkar saman utan at menneske er involverte. Slike nettverk blir meir og meir dominerande i vår nye digitale kvardag. Noko som ikkje er heilt farefritt, fortel Marcin Fojcik og studentane hans – og desse farane var tema for artikkelen deira.

Dårlege situasjonar i industrien

- Å kunne nytte det vi lærer på skulen i eit forskingsprosjekt av slik betydning, har vore veldig interessant, seier Torbjørn Ryland Steinholm, som var ferdig bachelorstudent ved ingeniørutdanninga i vår.

- Vi fekk eit ønske frå Marcin om kva han ville prøve å bevise i forskinga si, og så sette vi oss ned i to grupper og jobba med simulering og uthenting av data. 

Marcin Fojcik er førstelektor ved Institutt for elektrofag i Førde, og har samarbeidd tett med universitetet han tidlegare jobba ved i Polen – Silesian University of Technology. Med seg i forskingsprosjektet hadde han også kollega Olav Sande.

- Vi var interesserte i dårlege situasjonar i industrien. Desse dagane er automatiseringsgraden høg, og det betyr at du får eit omfattande internett av maskiner som snakkar saman, seier Fojcik.

Det sparer menneske for mykje arbeid. Men det finst ulemper ved dette når til dømes eit hundretals maskiner treng data samstundes, og skal operere i eit enkelt system – først og fremst kan det skje forseinkingar i kommunikasjonen. Av og til gjer det ingenting. Men kva om ein atomreaktor varmar seg opp til utrygge temperaturar – og datamengdene er så tunge at beskjeden om dette ikkje kjem fram med ein gong?

God hjelp frå studentane

- Viss du tenkjer på brannalarmen i bygga våre, veit vi at den varslar oss med ein gong om det kjem røyk – uavhengig av kor mykje e-post vi sendar samstundes i bygget. Men brannalarmen seier ingenting om kor det brenn, eller kvifor, seier Fojcik.

- Vi treng å utvikle system som gjer begge delar – varslar oss i sann tid (altså, med ein gong noko skjer) og samstundes samlar informasjon om kva som skjer, og kvifor.

Fojcik og studentane utforska ei rekkje simulerte situasjonar i fabrikkar der rask kommunikasjon er avgjerande. Studentane gjennomførte eit titals datatestar ved hjelp av to ulike programmeringsspråk, og kvar test genererte eit enormt talmateriale som måtte systematiserast og tolkast. Fojcik er svært nøgd med at studentane kunne hjelpe til med dette, og han ser det som ein stor fordel å ha studentar med i forsking.

- Dei lærte noko nytt, og samstundes sparte dei meg for mykje tid – så vi hadde gjensidig glede av dette, seier han.

– Det var veldig spennande å få jobbe med noko praktisk – noko som kan brukast i den verkelege verda – og samstundes lære noko nytt, seier student Torbjørn Ryland Steinholm.