Jens Kristian Fosse blir ny dekan i nytt fakultet

Høgskulestyret tilsette i dag Jens Kristian Fosse som ny dekan i det nye fakultetet for teknologiske, naturfaglege og samfunnsvitskaplege fag ved Høgskulen på Vestlandet.

Det nye fakultetet vil vera i drift frå 1. januar 2024 og vil få om lag 500 tilsette og 5000 studentar.

– Eg vil takka for tilliten og gler meg til å byrja i stillinga frå nyttår, seier Fosse som i dag er dekan for Fakultet for ingeniør- og naturvitskap i HVL.

Fem institutt

Under dagens styremøte ved campus Bergen, som var det siste for det sitjande høgskulestyret, blei instituttstrukturen for det nye fakultetet også vedteken.

Her fylgde styret rektor Gunnar Yttri si innstilling med at det nye fakultetet skal ha fem institutt. Når det gjeld namnsetting på det nye fakultetet og dei fem institutta er det eit arbeid som ein no vil gå i gong med. Det blir eitt av fleire prosjekt i det vidare utviklingsarbeidet for det nye fakultetet.

Styret peikte at ein må ta med seg høyringsinnspela i det vidare arbeidet, at ein legg til rette for god involvering og medverknad, og at styret blir orientert om framdrifta ved høve.


HVL-styret hadde sitt siste styremøte i Bergen torsdag 15. juni. Foto: Mauricio E. P. Ramirez, HVL/Medielab.

Kortform og engelsk namn på plass

I sitt siste styremøte vedtok ein også utlysing av åremålsstillinga som prorektor for forsking. At stillinga må ha krav om høg vitskapleg kompetanse var eit moment som styret understreka.

Engelsk namn og kortnamn for Universitetet på Vestlandet var ei anna sak styret hadde til handsaming. Her fylgde styret innstillinga i saka frå rektor, slik at det engelske namnet som føl universitetssøknaden vert University of Western Norway, og kortform og domene vert Univest.

– Styret var einige om at me arbeider langs det sporet og at me finn gode løysingar rundt det vidare arbeidet med både profilering og marknadsføring, seier styreleiar Arvid Hallén.

Tar grep om studieportefølje

Sunn økonomistyring og rom til å møte lågare inntektsrammer i åra som kjem har framleis høg merksemd i styret.

– Me har god kontroll på økonomien i dag, men me må ha høg merksemd på kostnadsbiletet i tida som kjem både i budsjettprosessar og i disponering av avsetningar.

Strategisk utvikling av studieporteføljen er ein sak høgskulestyret har hatt på sakskartet ved fleire høve. I dag blei overordna prinsipp for arbeidet vedteke.

– Her er det gjort eit godt stykke arbeid over tid. Desse prinsippa vil vera viktig for oss når me utviklar, tilpassar og gir retning for studietilbodet vårt framover. Det er ulike omsyn som må vegast og vektast, ofte i ein gitt kontekst.

– Styret anerkjenner at dette er eit omfattande arbeid og me må ha merksemd på å utvikle og tydeleggjere prinsippa våre i tida som kjem, slik at me er godt rusta til å fange opp utfordringsbildet som blir teikna for sektoren framover.


Rektor Gunnar Yttri og styremedlem Ragnar Gjengedal. Foto: Mauricio E. P. Ramirez, HVL/Medielab.