Nye tildelingar frå Forskingsrådet

For andre gang på under ei veke blei HVL tildelt pengar frå Forskingsrådet. Til saman fekk HVL i dag 36,2 millionar fordelt på fire forskarprosjekt.

Tre av prosjekta som har fått støtte er frå Fakultet for ingeniør og naturvitenskap (FIN) og eitt er frå Fakultet for helse sosialvitskap. Prosjekta dreier seg om korleis røyr blir blokkerte, bruken av sakkyndigrapportar i barnevernet, folkefinansiering av kunst og utvikling av verktøy for ei meir skånsam kreftbehandling.

– Dette er veldig gledeleg! Nok ein gang gratulerer til dei som har fått midlar frå Forskingsrådet og dei som har bidrege i arbeidet, både på fagleg og administrativ side, seier rektor Berit Rokne.

Stor utteljing for HVL

I løpet av 2019 har HVL fått midlar til ti store forskingsprosjekt frå Forskingsrådet. Prosjekta har fått inn i alt 103 millionar kroner frå NFR. I fjor fekk HVL tilslag på 46 millionar kroner, så støttesummen er meir enn dobla på berre eit år.

- Dette er eit resultat av systematisk jobbing med ekstern forskingsfinansiering i fagmiljøa og tett oppfølging frå forskingsadministrasjonen. Så veit vi i tillegg at forskinga vår har høg samfunnsrelevans – eller impact, som det kallast i forskingsspråket – og det gjer også at vi får så stor utteljing, seier Gro Anita Fonnes Flaten, prorektor for forsking.

Dei 36,2 nye millionane går til følgjande fire prosjekt:

  • Expert reports as basis for decisions in Norwegian child welfare services. Tildelt 11,4 millionar kroner. Hanne Cecilie Braarud, Magne Olav Mæhle, Vibeke Samsonsen og Tone Jørgensen, FHS
  • Fundamental studies of plugging in multiphase flows with adhesive particles. Tildelt 8 millionar kroner. Boris Balakin, FIN
  • Neutron and gamma-ray imaging for real-time range verification and image guidance in particle therapy. Tildelt 8,5 millionar. Ilker Meric, FIN
  • Crowdfunding in the culture sector: Adoption, effects and implications. Tildelt 8,2 millionar. Natalia Mæhle, Mohnsenteret, FIN

Avgjerder om omsorgsovertaking

Kring 1200 gonger i året tek norsk barnevern avgjerda om at barn må bort frå foreldra sine. I sakene der barnevernet tek over omsorga for barn, byggjer avgjerdene oftast på rapportar frå sakkyndige personar – i dei fleste tilfelle, psykologar.

- Omsorgsovertaking er eit sterkt verkemiddel som har store ringverknader i forholdet til foreldre, søsken, besteforeldre og nærmiljø – og det råkar mange familiar, seier Magne Olav Mæhle, professor ved Institutt for velferd og deltaking.

- Då er det viktig at kunnskapsgrunnlaget for ei slik avgjerd er godt. Med vårt prosjekt ønskjer vi å bidra til ei forsvarleg handsaming av slike saker.

Når ei barnevernssak går til retten eller til ei fylkesnemnd, blir dei sakkyndige gjerne kopla inn. Dei vurderer barnets situasjon og skriv rapport. Forskarane i prosjektet har tilgang på 7000 rapportar skrivne sidan 2011. Dei vil først undersøke innhaldet i rapportane, dernest sjå korleis barnevernet og rettssystemet har brukt rapportane.

Korleis røyr blir blokkerte

Blokkerte røyr er noko dei fleste har opplevd i kjøkken eller bad. Men sjølv om fenomenet er veldig vanleg, veit vi lite om korleis blokkeringar blir forma. Av og til kan det vere restar av mat i eit avløpsrøyr i fleire år utan at det blir tett – men så kan ein god porsjon kaffigrut gjere at det straks blir full stopp. Prosessar for pluggdanning er tema for det nye forskingsprosjektet leia av professor Boris Balakin ved Institutt for maskin og marinfag.

- Gjennom eksperiment skal vi simulere korleis blokkeringar blir danna i tronge kanalar med såkalla klistrepartiklar. Det er partiklar som lett klistrar seg til røyrveggen eller til kvarandre, seier Balakin.

Dette vil mellom anna vere viktig ny kunnskap for petroleumsindustrien, der blokkering av røyr er eit stort problem. Industrien bruker milliardar av kroner kvart år på dyre og miljøskadelege kjemikaliar for å hindre blokkeringar. Balakin håper å hjelpe denne sektoren til både å bli meir miljøvennleg og spare mange pengar ved å forstå blokkeringar betre, og hindre dei på anna vis.

- I tillegg tek vi sikte på å at forskinga vår skal gi ny kunnskap om korleis feittpartiklar blokkerer blodårer og fører til slag eller infarkt. Og kunnskapen vil også kunne brukast til å hindre blokkeringar i kommunale vassrøyr. Alt saman handlar om dei same prosessane, seier Balakin.

Folkefinansiering kan gjere kunsten friare

Folkefinansiering – eller crowdfunding – er eit fenomen som først starta i kultursektoren, og så spreidde seg til andre samfunnsområde. Det ein metode for å samle inn pengar via nettbaserte plattformer som vendar seg til folk flest. Dette fenomenet har auka kraftig dei siste 2-3 åra i Noreg. I 2018 blei det samla inn 205 millionar kroner i crowdfunding, og det er ein 118 prosent auke sidan året før.

- I forskingsprosjektet vårt vil vi sjå på korleis dette artar seg i kultursektoren. Det er ein finansieringsmodell som skaper ein heilt annan form for kontakt mellom kunstnarar og publikummet deira, seier Natalia Mæhle, førsteamanuensis ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling.

I kultursektoren er det mange kunstnarar som treng midlar, og konkurransen frå tradisjonelle kjelder som stat og bedrifter har blitt hardare. Då kan crowdfunding bli eit godt alternativ. Og kanskje fører det til nye former for kunst, trur Mæhle:

- Vi trur det kan gjere kunsten friare og demokratisere kunstprosessane. Publikum og samfunn får større høve til å påverke og gå i dialog med kunsten og kunstnarane.

Utvikling av ei meir skånsam kreftbehandling

Innanfor strålebehandling av kreft vil det skje store endringar dei neste åra i Noreg. Tradisjonell stråleterapi skal etter planen skiftast ut med partikkelterapi, som er langt meir skånsam mot kroppen. I vanleg stråleterapi blir det avsett energi i heile kroppen, medan partikkelterapien sikter seg inn mot svulstane.

Men i denne nye terapiforma går det også an å bomme – anatomiske endringar og organrørsle kan gjere det vanskeleg å vere presis. Dermed oppstår faren for å skade friskt vev og dermed utløyse seinskader. Nett denne faren skal det nye forskingsprosjektet til Ilker Meric ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag vere med på å redusere.

- Vi vil utvikle eit kamera som kan avdekke nøytron- og gammastråling, biprodukt av partikkelterapi. Dette vil gje informasjon om kor partiklane stoppar inne i kroppen til den som får behandling, fortel Meric, som også har fått midlar frå Mohn-stiftinga til denne forskinga.

- Det har vore jobba i internasjonale fagmiljø med å få til ei løysing på dette i meir enn eit tiår. Kameraet er ein ny idé til korleis vi kan gjere det.