Eldbjørg Fossgard har fått opprykk til professor

FLKI har fått ein ny professor i mat og helse.

- Kva forskingsgruppe høyrer du til?

- Eg er med i forskargruppa Mat og måltid i skole og barnehage ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag. Gruppa arbeidar med ernæringsmessige, sosiale og kulturelle aspekt ved mat og måltid.

- Kva forskar du på? 

- Interessa mi for mat og måltid er knytt til etnologiske og kulturvitskaplege problemstillingar. Institusjonsmat har vore det viktigaste forskingsfeltet mitt det siste tiåret, men eg har også arbeidd med mathistoriske emne.

- Korleis starta forskarkarrieren din?

- Kort fortalt var eg etter avslutta magistergrad i etnologi museumskonservator nokre år før eg begynte i vitskapleg assistentstilling og seinare stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen. Der var eg med på eit tverrfagleg prosjekt om humanistisk orientert arbeidslivsforsking. Forskingsområdet mitt var kvinners posisjon og haldningar til arbeid i det 20. hundreåret. På slutten av 1990-åra blei eg opptatt av matkultur, for i den tida vaks det fram ei sterk interesse både her i landet og i andre land for lokal mat. Den bygde på forestillingar om at lokale matprodukt var meir «autentiske» enn industrielt framstilt mat. For ein etnolog var det derfor interessant å få kunnskap om kva meining maten har for folk, og korleis matkulturen påverkar folk. Mat er meir enn næringsinnhald, den har også ei kulturell og sosial rolle. Kulturvitskapleg forsking på matområdet prøver også å avdekke «det naturlege» som kulturskapt og vil undersøke kollektive verdiar og forestillingar som ligg bak matvanar og matpreferansar. Etter at eg blei tilsett ved Høgskolen i Bergen i 2010, har eg deltatt i fleire samarbeidsprosjekt ved mat- og helseseksjonen, som har tatt for seg mat og måltid i ulike institusjonar. Vi har gjennomført undersøkingar av korleis dei statlege retningslinjene på matområdet for mat og måltid er blitt følgde opp i barnehagen, og kva slags utfordringar skulefritidsordningar, kantiner på ungdomstrinnet og i vidaregående skule har med mattilbod og måltidsmiljø.

- Kan du trekke fram eitt eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med no?

- Sidan 2013 har vi hatt forskningssamarbeid om Prospects for promoting health and performance by school meals in Nordic countries (Promeal) med forskarar frå Umeå Universitet, Universitetet på Island og Åbo Universitet for å samanlikne skolematordningane i Norden. I tillegg har vi undersøkt elevane sine oppfatningar av skulemåltidet, og korleis skulematordningane påverkar læringa og aktiviteten til elevane i timen. Datamaterialet blei samla inn på same måte i alle land, og vi sit att med mykje materiale. Prosjektet har hittil blitt publisert i fleire artiklar internasjonalt. I eit av delprosjekta fann vi at elevane i dei nordiske landa i stor grad delte dei same sosiale normene som dei vaksne om kva som var eit sunt skulemåltid, samtidig som dei forhandla og konstruerte normer for når det passa seg og var akseptabelt å ete usunt. Ei anna problemstilling var om lunsjmåltidet i norske skular gir rom for fellesskap mellom elevane.

- Dersom du fekk uavgrensa med midlar og tid – kva ville du ha forska på då?

- Det verkar svært hypotetisk, men skulle det kome uavgrensa med midlar, ville eg latt alle tilsette fått bruke meir av arbeidstida si til fagleg fordjuping enn det som er tilfelle i dag. For meg er det mest aktuelt å arbeide vidare med dataa vi samla inn i Promeal-prosjektet.

Vi gratulerer med opprykk!