Svev og stev på Falturiltu

Verdas einaste årlege nynorske barnebokfestival på Stord er i kjømda. Torsdag 9. november snakkar festivalforfattar Per Olav Kaldestad om å skriva, lesa og formidla dikt for born på Falturiltu-seminaret på HVL, campus Stord.

– Dikt er eit godt språklæringsmiddel – kanskje det beste, seier Kaldestad.

Høgskulen på Vestlandet er ein av samarbeidspartane til Falturiltu, og arrangerer kvart år eit fagleg seminar om litteraturformidling for born. Målgruppa er lærarstudentar, lærarar, bibliotekarar, og alle som elles er interesserte i litteraturformidling, og i år er temaet diktformidling.

Dikt for born
– Festivaltemaet Svev og stev er inspirert av festivalforfattar Per Olav Kaldestad sin forkjærleik for dikt om fuglar, fortel medlem av programkomiteen og HVL-tilsett Hege Myklebust.

Ho arbeider til dagleg som norsklærar på lærarutdanninga ved HVL, og har i ti år vore medlem i programkomiteen til Falturiltu.

– Per Olav Kaldestad skriv dikt som engasjerer ungar, og inspirerer dei til leik med språket, fortel ho. I 2017 fyller både NBU (Norske barne- og ungdomsbokforfattarar) og festivalforfattar Per Olav Kaldestad 70 år.

Per Olav tykkjer at det er viktig å bruka dikt i opplæringa.

– Poesi handlar jo om språket, om å få og ha eit personleg forhold til språket, og dei mange klangane og meiningslaga språket kan ha, seier han.

– I dikt kan ein sleppa seg fri, og leika med ord- og setningsbruk. Det er ungar interesserte i – dei er opptekne av språkarbeid. Dei skal jo arbeida med det kvar dag framover! Dikt er kanskje det beste språklæringsmiddelet, seier han, med referanse til den russiske barnediktforfattaren Kornej Tjukovskij.

Buss frå Bergen
I år er Falturiltu-seminaret blitt ein del av HVL. Det har arrangørane gjort noko med.

– Me ønskjer at heile HVL skal få høve til å ta del i alt det flotte som skjer på campus Stord under Falturiltu, og dette fagseminaret er særleg relevant for alle som skal arbeida med ungar i skule og barnehage framover. Det er gratis å delta for alle tilsette og studentar ved HVL.

- Frå Sogndal er det nok litt for langt, men frå Bergen blir det i år sett opp ein gratis buss, slik at studentar og tilsette gratis kan reisa til Stord og delta på seminaret.

- Det er berre å melda seg på via nettsida, og dei som ønskjer plass på bussen til og frå Bergen, må i tillegg senda ein e-post til dagmar.andrea.cejka@hvl.no, seier Hege Myklebust.

Fullt program for Falturiltu