Utvikla internasjonalt nettkurs om brystkreft

Fagfolk ved HVL har vore med og utvikla kurset eBreast, som no blir brukt til å heve fagkunnskapen om mammografi internasjonalt.

Kurset er utvikla i samarbeid med fagfolk frå Sveits, Portugal, Finland, Noreg og Estland, og e-læringsmaterialet er no teke i bruk i alle dei fem landa. Kunnskap om undervisningsopplegget er også spreidd til land i Afrika og Sør-Amerika, der behovet for eit kompetanseløft på dette feltet er stort.

- Eg er svært glad for det vi har fått til. Skandinavia ligg langt framme på mammografi og oppdaging av brystkreft, difor gir det verkeleg meining å få ut denne kunnskapen internasjonalt, seier Bergliot Strøm, ein av frontpersonane i prosjektet.

Avgjerande med tidleg diagnose

Strøm er høgskulelektor ved institutt for helse og funksjon, og er ein av fleire fagfolk frå HVL som har vore involverte i Erasmus-prosjektet. Dei har samarbeidd med institusjonar internasjonalt for å lage eit lett tilgjengeleg e-læringsmateriell på bachelornivå. Kurset er også eigna for masternivå.

- Det er utruleg viktig for kvinnene som er råka at fagfolk forstår korleis dei skal jobbe saman for å avdekke brystkreft i eit tidleg stadium. Brystkreft er framleis den kreftforma som er mest vanleg blant kvinner, og tidleg diagnostisering er avgjerande for om dei overlever sjukdommen, seier Strøm.

Noko av det spesielle og krevjande med mammografi er at fagfolk frå mange ulike felt må jobbe saman: radiografar, sjukepleiarar, radiologar, bioingeniørar, patologar og kirurgar. Dette gjer oppdaging av brystkreft til ein kompleks prosess, der det er nødvendig at fagfolka forstår korleis dei andre i gruppa jobbar til det beste for pasienten.

Mange måtar å jobbe på

Kurset tek føre seg forløpet frå kvinnene oppdagar ein kul i brystet eller kommer til screening, til dei får diagnosen. Fagfolka har jobba med folk i yrkeslivet for å oppdatere seg på metodane som blir brukte. Gjennom å jobbe internasjonalt har dei knytt mange nye kontaktar og fått ny kunnskap.

- Vi fann ut at det var mange ulike måtar å jobbe på med dette. Undervegs blei det til at prosjektdeltakarane i Erasmus-programmet publiserte fleire vitskaplege artiklar og fagartiklar om temaet, sjølv om det ikkje var planen i utgangspunktet, fortel Strøm.

Prosjektet fekk til saman kring 330 000 euro i støtte. Fagfolka gir seg ikkje med dette – no er målet å produsere endå eit e-læringskurs om brystkreft. Denne gongen skal det handle om vegen vidare for pasienten etter at diagnosen er sett – med andre ord, behandlinga av brystkreften.

- Vi skal levere ny søknad i mars, og håpar sterkt på å få jobbe vidare med denne sentrale problematikken innan kvinnehelse, seier Strøm. Ho framhever at instituttleiinga, og særleg leiar Bjørg Norunn Rullestad Hafslund som sjølv har jobba med mammografi tidlegare, har vore gode støttespelarar i prosjektet. 

Kurset dei har produsert, har tittelen «eBreast». Du kan sjå nettsida for kurset her: http://www.earlydetectionofbreastcancer.com/