Utviklar god undervisning mellom det analoge og digitale

Deling, digitalisering og god, framtidsretta undervisning er kjernen i eit spanande prosjektet som Katrine Borgenvik og Kjetil Sømoe jobbar med innan kunst og handverksfaget i lærarutdanninga.

Denne veka er dei to HVL-tilsette ved campus Stord med på å lansere nettstaden khdele.no. Saman med kollegaer ved Høgskolen i Sørøst- Norge, Høgskolen i Oslo og Akershus, Høgskulen i Volda, Nord Universitet, Norsk design og arkitektursenter og BIBSYS DLR utviklar dei digitale læringsressursar. Målet er å fremme kvalitet i kunst og handverksfaget ved bruk av teknologi.

Kjetil har laga åtte filmar som viser grunnteknikkar i sløyd medan Kathrine har laga tre filmar innan teikning. I filmane viser dei grunnteknikkar, og slik frigjer dei tid til andre undervisingsaktivitetar .

- Me opplevde at mange studentar trong rettleiing til ulike grunnteknikar. Her gjekk det mykje tid når me var samla på campus. Ikkje minst var det mykje ein til ein undervisning. Det gjorde at det blei mindre tid til andre viktig læringsaktivitetar saman.

No ligg filmane opent ute og studentane kan sjå dei før undervisinga, og dei kan repetere når det måtte passe.

- Me opplever at sjølve tida her i verkstaden blir meir verdfull. Me kan retteleia studentane betre og me får betre tid til andre ting som å løfta fram det didaktiske perspektivet og anna, seier dei.

Prosjektet rullar fram til neste vår og er ein del av FoU-arbeidet til Katrine Borgenvik og Kjetil Sømoe.

Men å gjera faget reint digitalt er ikkje på planen.

- Kunst og handverk er eit praktisk fag, men filmar og digitale undervisingressursar er til god hjelp. Det handlar om å finne ein god balanse mellom det analoge og det digitale.

Dei fortel at det blir jobba med fleire filmar.

- Det har vore litt jobb og ein del prøving og feiling. Men veldig lærerikt. Det har jo ein viss kopling mot flipped classroom-tenkinga.

- Studentane har så langt gitt oss gode tilbakemeldingar, og me tykkjer at undervisninga og det som skjer i klasserommet og på verkstadane blir betre.

- Me føler vel og at sjølve arbeidet som studentane har levert og er betre.