Velkommen til studiestart 2020

Måndag 10. august ønsker vi velkommen over 6500 nye studentar til våre fem flotte campusar. No førebur vi ein god og trygg studiestart for alle.

 Vi jobbar med å lage ein god studiestart for alle. Vi skal gjere alt for at alle skal finne seg godt til rette både sosialt og fagleg.

 I år har vi ekstra merksemd på alle dei nye studentane som vi gler oss til å ta i mot, seier rektor Berit Rokne.

Ho fortel at det sjølvsagt blir fadderopplegg på alle campusar.

 Dei ulike faddergruppene våre er godt i gong med programmet, og dei jobbar godt i lag. Det er ekstra bra.

HVL-rektoren seier at det blir ein litt annleis studiestart i august.

 Vi kan love alle studentar at det vil bli undervising og eit godt tilbod på campusane våre. Slik som situasjonen er no så planlegg vi for ein god kombinasjon av fysisk og digital undervising.

 Så vil vi måtte justere og tilpasse oss smittevernråda undervegs. Men det skal vi få til.

 I tida framover vil vi legge ut program og informasjon om studiestart, og vi er tilgjengelege gjennom sommaren og til studiestart. Har du spørsmål er det berre å kontakte oss.

 Oppmodinga vår er at du takkar ja til studieplassen og takkar ja til hybelen.

 Då vil eg ønskje deg velkommen som student i august!